Må vi ty til såkalla “klimafiksing” for å løyse klimakrisa, spør enkelte seg i frustrasjon over mangel på handling. Kor mykje veit vi om denne typen tiltak? Kva kan vi oppnå og kva kan vi risikere ved å forsøke å fikse oss ut av krisa? Professor Benjamin Sovacool frå Noradapt sitt internasjonale vitskapsråd tek opp temaet i Noradapt-timen 26. januar.
Noradapt-timen: Nye, praktiske verktøy for rettleiing innan klimatilpassing
I webinaret Noradapt-timen 25. november møter du Sintef Community, som presenterer nye, praktiske verktøy for rettleiing innan klimatilpassing. Opning av bekker er eit tiltak dei kjem spesielt inn på.
Noradapt-timen 19. oktober: Prosjektet Klimamonitor
19. oktober presenterer Torbjørn Selseng ved Vestlandsforsking prosjektet Klimamonitor - en årlig undersøkelse av klimatilpasningsarbeidet blant offentlig forvaltning, privat næringsliv, og husholdninger og individer.
Noradapt-timen 28. september: Mot mer plantebasert mat
Økt klimarisiko for norsk importerte grønnsaker, og tilpasninger i norsk plante- og fôrproduksjon for å sikre matsikkerhet er blant forskningsspørsmål i prosjektet VOM. Forsker Bob van Oort presenterer prosjektet og hvilke utfordringer et klima i endring kan ha for en overgang til mer plantebasert og lokalprodusert kosthold.
Noradapt-timen 31. august: Frå strukturell kompleksitet til tidsproblem
Simon Neby ved NORCE held Noradapt-timen 31. august. Han tek for seg temaet norsk klimapolitikk og -forvaltning på tvers av utsleppsreduksjon og tilpassing.
Noradapt-timen: Klimapolitikken er blind for naturøydeleggingane
Både i politikken og den offentlege debatten blir vern av natur og miljø ofte omdefinert til klimapolitikk. Elbil-satsing og utbygging av motorvegar, hyttefelt og vindkraft neglisjerer naturøydeleggingane dei medfører: nedbygging av natur som lagrar og bind karbon, redusert naturmangfald og større sårbarheit for klimaendringane. I webinaret Noradapt-timen 27. mai snakkar forskarar frå Vestlandsforsking om behovet for samsvar mellom tiltaka som skal gje oss ei grønare framtid.
NORCE om nye satsingar i Noradapt-timen 20. april
To større satsingar knytt til førebygging av klimarisiko er tema i Noradapt-timen 20. april. Fire forskarar frå Norce gir deg innblikk i korleis Climate Futures og CONFER-prosjektet jobbar med førebygging av alvorlege klimahendingar i ulike samfunnssektorar.
Klimatilpassing i Russland - webinar 19. mars
Lokal tilpassing til klimaendringane artar seg ikkje likt i Russland og Noreg. Men akkurat kva er det som er ulikt? Andre utgåve av webinarserien Noradapt-timen kan du få med deg 19. mars 2021.