Noradapt har fått eit internasjonalt vitskapsråd

5. oktober etablerte Noradapt eit internasjonalt vitskapsråd. Dei fem medlemmene er alle verdsleiande forskarar innan berekraftig klimatilpassing. Rådet er leia av Sirkku Juhola ved Universitetet i Helsiniki.

Rådet, som vart etablert i eit digitalt møte 5. oktober 2021, er sett saman av akademikarar basert i Finland, USA, Tyskland og Storbritannia. Alle har spisskompetanse innan tilpassing til klimaendringar.

– Rådet skal utgjere ein ressurs for forskingssenteret, forklarer Carlo Aall, senterleiar i Noradapt. I tillegg til å kommentere vitskapleg arbeid og delta på jamlege møte, håpar Aall at fleire frå det vitskaplege rådet vil bidra i utvikling av prosjektsøknader og ta del i ein planlagt fagbokserie. 

Sirkku Juhola er leiar i det nyskipa vitskaplege rådet.

Sirkku Juhola er leiar i det nyskipa vitskaplege rådet.

Dette er rådsmedlemmene

Sirkku Juhola er professor i urban miljøpolitikk ved Universitetet i Helsinki og gjesteprofessor ved Universitetet i Linköping. Ho er leiar for Noradapt sitt internasjonale vitskapsråd og har ei bistilling ved Vestlandforsking.

Juhola er spesielt oppteken av miljøpolitikk og -forvaltning, med vekt på byar og urbane område.

Maria C. Lemos er professor i berekraft og utvikling ved School for Environment and Sustainability ved University of Michigan. Ho forskar på klimatilpassing og den rolla kunnskap spelar i å bygge tilpassingskapasitet.

Richard J. T. Klein er seniorforskar ved Stockholm Environment Institute og professor i geografi, klimapolitikk og utvikling ved Universitetet i Linköping. Han er ein internasjonalt leiande ekspert på feltet klimatilpassing. Klein er basert i Bonn.

Benjamin K. Sovacool er professor i energipolitikk ved University of Sussex Business School i Storbritannia og har ei bistilling ved Vestlandsforsking. Sovacool forskar på tema som energiomstilling og klimatilpassing i samanheng med sosial rettferd.

Frans Berkhout er professor i miljø, samfunn og klima ved King’s College i London og dekan ved fakultetet for samfunnsvitskap og offentleg politikk. Forskinga hans tek særleg for seg insentiv og hindringar for klimatilpassing.

La fram vitskaplege artiklar

Kring 15 personar deltok på den formelle etableringa av rådet 5. oktober. Etter skipinga følgde ein intern arbeidsverkstad der forskarar frå fagmiljøa i Noradapt la fram vitskaplege artiklar og fekk innspel frå rådet. Desse artiklane skal presenterast i ei spesialutgåve av det amerikanske tidsskriftet  Weather, Climate, and Society, som blir gitt ut av American Meteorological Society. Fordi «berekraftig klimatilpassing» er eit nytt omgrep, har forskarane behov for å utforske tydinga vidare. Spesialutgåva av tidsskriftet er eit ledd i dette arbeidet.

Les meir om spesialutgåva

Berekraft som premiss

Både Noradapt og det vitskaplege rådet legg storvekt på at klimatilpassing må vere nettopp berekraftig, altså at alle tiltak må vere i tråd med FN sine mål for berekraftig utvikling.

– Essensen i dette er at vi ikkje forsterkar klimaendringane og at vi tek omsyn til naturmangfald og andre berekraftmål. Kort sagt, at vi unngår å hive ungen ut med badevatnet, seier Eivind Brendehaug, nestleiar i Noradapt. 


Presentasjonar frå oppstartmøtet

Program for møtet

Introduksjon ved senterleiar Carlo Aall

Presentasjon #1: “Advancement of Sustainable Development Goals in co-production of Climate Change Adaptation” av Halvor Dannevig, Mari H. Korsbrekke og Grete K. Hovelsrud. Innspel frå Richard T. Klein.

Presentasjon #2: “Climate risks of the transition to a renewable energy society” av Carlo Aall, Tarje I. Wanvik og Brigt Dale. Innspel frå Frans Berkhout.

Presentasjon #3: “Adaptation confusion? A longitudinal examination of the concept climate change adaptation in Norwegian municipal surveys” av Torbjørn Selseng, Tone Rusdal og Marit Klemetsen. Innspel frå Maria C. Lemos.

Presentasjon #4: “Rising to a new challenge: A protocol for case-study research on transboundary climate risk” av Katy Harris, Frida Lager, Marta Janssen og Magnus Benzie. Innspel frå Sirkku Juhola.