2019 var Noradapt sitt første år, og baud på mange nye bekjentskap for det nyoppretta senteret, lærerike besøk og flotte arrangement.
Les Noradapt si årsmelding for 2019
Noradapt sitt første år i bilete
Hald peikaren over biletet for å sjå biletteksten.
Dåverande statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Atle Hamar, klypte snora då Noradapt vart formelt opna 7. desember 2018. Dei andre på biletet er stortingsrepresentant Tore Storehaug frå KrF og fylkespolitikar Karen Marie Hjelmeseter frå Sp. Foto: Kyrre Groven
På ei samling på Seletun Miljøhotell i Bergen våren 2019, la representantar for partnarane i Noradapt ein felles strategi for det nye senteret. Foto: Kyrre Groven.
Politikarane i Vestland stilte til paneldebatt under #klimaomstilling2019. Konferansen blir arrangert av ein partnarskap i Vestland. Les meir om 2020-utgåva av konferansen. Foto: Kyrre Groven
Forskarane Tone Rusdal og Torunn G. Hønsi (brukarkontakt) har kartlagt behovet for klimatilpassingsteknologi i Sogn. På konferansen #Klimaomstilling 2019 møtte dei representantar for ulike næringar for å diskutere temaet. Les om kartlegginga her. Foto: May Grethe Lerum
Noradapt-partnarane i Bergen arrangerte i 2018 sitt første “Klimathon” - eit eksperimentelt møtekonsept som hentar inspirasjon frå IT-bransjens «hackathons». Dei som deltek tek i bruk eigne erfaringar, offentlege ressursar og innsikt frå klimaforsking. Dei skal ikkje berre diskutere løysingar, men òg dele, synliggjere og presentere det dei kjem fram til. Biletet er frå Klimathon I i Bergen i 2018, og i 2019 vart arrangementet gjenteke med Noradapt som medarrangør. I 2020 jobbar Noradapt med ei vidareutvikling av konseptet, leidd av Simon Neby ved NORCE Samfunn (til høgre). Foto: Andreas Graven
Dåverande minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø, møtte representantar for Vestlandsforsking, Noradapt og Sogndal kommune i juni 2019. Foto: Idun A. Husabø
SV-leiar Audun Lysbakken besøkte Sogndal i 2019 for å få faglege innspel frå klimaforskinga. Foto: Idun A. Husabø
Forskar Marc Zebisch frå Eurac Research framfor tavla der ein analyse av klimarisiko-caset skogbrann på øya Ombo tek form. Forskaren var i Sogndal i oktober 2019 for å lære bort ein måte å kartlegge klimarisiko på. Arbeidsverkstaden var i regi av Noradapt-prosjektet Unchain, som Vestlandsforsking leier. Foto: Idun A. Husabø
Jølster i Sunnfjord vart råka av fleire uventa jordskred 30. juli 2019 etter kraftig nedbør, og i eitt av skreda gjekk eit liv tapt. Motivet er frå bustadfeltet Årsetbakkane, der fleire innbyggjarar måtte rømme frå husa. Dei dramatiske hendingane flytta behovet for klimatilpassing høgare opp på den nasjonale dagsordenen. Foto: Linda Olin Reite, NRK.
Miljødirektoratet sitt nettverk for klimatilpassing i norske bykommunar, iFront, la i oktober ein studietur til Sogn. Den eine dagen gjekk med til kunnskapsutveksling med Noradapt.
Nettverket iFront på ekskursjon i Aurland. Eldre trebygg, som bygningane i Otternes-tunet i Flåm, kan få behov for spesielle tiltak når det regnar meir og kraftigare. Les meir om iFront-besøket
Utviklingsfondet, masterstudentar i Climate Change Management og stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete samla i Noradapt sine lokale for å sjå dokumentarfilmen “Uår”, som tek opp kva bønder i afrikanske land kan lære norske bønder om klimatilpassing. Ved lerretet: dagleg leiar Jan Thomas Odegard. Les meir her. Foto: Idun A. Husabø
Stortingspolitikar for Sp og tidlegare styreleiar i Vestlandsforsking, Liv Signe Navarsete, var med då Utviklingsfondet var i Sogndal for å møte senterleiinga i Noradapt og snakke om faren for at klimaendringane gir Norge meir uttrygge vilkår for matproduksjon. Masterstudentane frå HVL imponerte Navarsete med sterkt engasjement i temaet. Foto: Idun A. Husabø
Klimaendringane påverkar naturverdiane i verda på mange måtar, og nasjonalparkane og kommunane rundt parkane kjem til å merke det på ulike måtar - som ved at treslag gradvis vandrar oppover i terrenget eller at ekstremvêr øydelegg stiar og bruer eller sperrar vegar inn i eit område. I september 2019 inviterte forskarar frå Vestlandsforsking nasjonalparkforvaltarar til eit møte om slike problemstillingar, i samarbeid med Norges nasjonalparkkommuner. Les meir om prosjektet her.
Ferdsel rundt breane og behovet for klimatilpassing i denne delen av reiselivet, er tema i fleire prosjekt Noradapt har vore involvert i det første året - ClimTour, Jostice (HVL, frå 2020) og Klimatilpassing i Norges nasjonalparkkommuner. Biletet er frå Kjenndalen. Foto: Maria C. Knagenhjelm.