Noradapt-leiinga fekk høve til å presentere senteret og forskinga på berekraftig klimatilpassing for ordføraren i“nye” Sogndal kommune 12. august.
Sogndal-ordførar Arnstein Menes (t.h.) har fleire gonger tidlegare vore innom Vestlandsforsking og kjenner kunnskapsmiljøet på Fosshaugane Campus frå den tidlegare stillinga si ved Høgskulen på Vestlandet. Likevel var besøket hans 12. august det første av meir offisiell karakter.
Det var òg det første høvet leiinga i Noradapt fekk til å treffe ordføraren og presentere senteret overfor den nye utgåva av vertskommunen, som etter samanslåinga omfattar dei tidlegare kommunane Sogndal, Balestrand og Leikanger.
byggjer opp internasjonalt nettverk
Koordinator Eivind Brendehaug og senterleiar Carlo Aall forklarte bakgrunnen for at Noradapt vart oppretta i 2018 - med drahjelp frå mellom andre Sogndal kommune.
Eivind Brendehaug presenterte òg dei andre forskingspartnarane i senteret, gav døme på forskingsprosjekt og sa litt om arbeidet med å utvikle det internasjonale nettverket innan berekraftig klimatilpassing.
Pionerar på klimaarbeid
Carlo Aall drog dei lange linjene mellom Noradapt i dag og dei første, små forskingsprosjekta om lokalt klimaarbeid midt på 2000-talet. Sogn og Fjordane og administrasjonssenteret Leikanger/Sogndal har hatt eit sterkt samarbeid på klimaområdet i over 10 år. Tidleg fokus på handtering av ekstremvêr og det å førebygge klimarisiko gjennom arealplanlegging, førte til at Vestlandsforsking og regionale aktørar som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane knytte sterke band.
Dette nære samarbeidet på klimaområdet, var ein viktig føresetnader for etableringa av Noradapt for snart to år sidan.
- Denne posisjonen vil vi gjerne halde på og utvikle vidare gjennom Noradapt, avslutta Aall.
Les oppslaget “Sogndal kommune er viktig for Vestlandsforsking”