Verknader av klimaendringar på norsk, naturbasert reiseliv (ClimTour)

På verdsbasis er reiselivet er blant dei raskast veksande næringane. I Norge er næringa blitt ein viktig strategi for regional økonomisk utvikling. Samtidig trugar klimaendringane i aukande grad sjølve produksjonsgrunnlaget for det naturbaserte reiselivet. Skiturisme blir til dømes skadelidande når det manglar snø i skianlegga. Det naturbaserte reiselivet er heilt avhengig av økosystem- og klimatenester som snø, vakre landskap og eit livskraftig dyre- og planteliv. Reiselivet må òg ha ein velfungerande infrastruktur – men også vegar, hamner og telekommunikasjon blir påverka av klimaendringar.

Ein del skianlegg i Norge vil bli negativt påverka av klimaendringar etter kvart som milde vintrar blir vanlegare. Foto: Recbecca Sortland

Ein del skianlegg i Norge vil bli negativt påverka av klimaendringar etter kvart som milde vintrar blir vanlegare. Foto: Recbecca Sortland

Det finst førebels lite kunnskap om korleis norsk reiseliv samla sett vil bli påverka av klimaendringar. Det same gjeld reiselivet sin kapasitet til å tilpasse seg klimaendringar. ClimTour-prosjektet har som overordna mål å bringe fram ny kunnskap om vilkåra for berekraftig tilpassing til klimaendringar i det naturbaserte reiselivet i Norge. I tillegg kjem fire delmål:

  1. Avdekke kva for klimaendringar som er kritiske for naturbasert reiseliv i Norge

  2. Vurdere korleis klimaendringane kan råke utvalde økosystemtenester og fysisk infrastruktur som er kritisk for naturbasert reiseliv i Norge

  3. Utvikle klimatilpasningsstrategiar for brukarpartnarane som deltek i prosjektet

  4. Utvikle klimatenester for reiselivet

Prosjektet har fått ei varm mottaking i reiselivet, og mange har uttrykt at dette er noko dei ønskjer å vite meir om. I tråd med idealet om at dei ein forskar på bør delta i forskinga, er næringa òg representert i produksjonen av kunnskap. Grepet skal sikre at den nye kunnskapen blir relevant for reiselivet og at næringa kjenner eigarskap til funna i prosjektet. Forskarane håpar òg involveringa skal gjere det meir aktuelt for turistverksemder å setje i verk eigne tiltak for å tilpasse seg klimaendringane.

Prosjektet vil dra vekslar på faglege bidrag frå sentrale internasjonale forskarar innan reiseliv og klimaendringar. To konkrete produkt skal kome ut av prosjektet: ei reiselivsteneste integrert i klimaservicesenter.no og eit interaktivt klimaspel som skal stimulere til høgttenking om klimatilpassing i reiselivet.

Deltakarar i prosjektet

Reiselivsaktørar: Destinasjon Lofoten, Reisemål Hardangerfjorden, Visit Sognefjorden, Den Norske Turistforening (DNT), Flåm AS og NCE Tourism Fjord Norway

Norske forskingsmiljø i tillegg til Vestlandsforsking: Nordlandsforsking, Uni Research AS, MET Norge, Avdeling for biovitenskap ved Universitetet i Oslo og Miljøfaglig Utredning

Internasjonale deltakarar: Dr. Paul Peeters ved Senter for bærekraft, turisme og transport, Breda Universitet for Anvendt Vitenskap (CSTT); professor Daniel Scott ved University of Waterloo, Canada; professor Bruno Abegg ved Universitetet i Innsbruck, Austerrike og professor Michael C. Hall ved Institutt for ledelse, markedsføring og entreprenørskap, University of Canterbury, New Zealand


STARTDATO: 01.01. 2018

SLUTTDATO: 31.12. 2021

FINANSIERT AV: NOREGS FORSKINGSRÅD