2018

Frå to til eitt klimatilpassingsfylke: Kartlegging av erfaringar frå regionalt plan- og klimatilpassingsarbeid i nye Vestland

Vestlandsforsking og NORCE Samfunn gjer ei kartlegging av det samla erfaringsgrunnlaget på feltet klimatilpassing i det regionale plan- og utviklingsarbeidet i Sogn og Fjordane og Hordaland. Bakgrunnen er at dei to fylka blir slått saman til eitt fylke, Vestland, i 2020.

Prosjektet Frå to til eitt klimatilpassingsfylke: kartlegging av erfaringar frå regionalt plan- og klimatilpassingsarbeid i nye Vestland, har fire delmål:

  • dokumentere kva erfaringar kvart av fylka har skaffa seg på dette feltet

  • finne ut kva dei to fylka kan lære av kvarandre innan klimatilpassing

  • vurdere kva for utfordringar og kunnskapsbehov det nye fylket står overfor i det vidare arbeidet med tilpassning til klimaendringar

  • komme med forslag til korleis Vestland fylke kan møte dei nye utfordringane som følgjer av klimaendringane

Rapportane frå prosjektet er tilgjengelege på Vestlandsforsking sine nettsider


Startdato: 01.12.2018

sluttdato: 31.12.2019

finansiert av: sogn og fjordane fylkeskommune og hordaland fylkeskommune

Klimatilpassing i risiko- og sårbarhetsanalysar (ROS) for Oslo kommune

Oslos byvåpen

Klimaetaten i Oslo kommune opplevde at dagens bruk av risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) i planprosessen ikkje fanga opp konsekvensane av naturhendingar og klimaendringar på ein god nok måte. Dette var utgangspunktet for at dei bad Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet om å utarbeide ein rapport pmed innspel til ein betre praksis på området.

Rapporten skisserer mogelegheiter, barrierar og utfordringar i arbeidet med å integrere omsynet til klimaendringer i ROS-arbeidet. Forskarane har gitt råd om korleis ein kan unngå eller arbeide med barrierane og utnytte mogelegheitane, særleg i lys av den nye statlege planretningslinja for klimatilpassing.

Les rapporten “Klimatilpasning i risiko- og sårbarhetsanalyser (ROS) for Oslo kommune”


Startdato: 01.12.2018

Sluttdato: 31.01.2019

Finansiert av: Oslo kommune

Miljøteknologi og klimatilpassing

Forskarane bak prosjektet, Tone Rusdal og Torunn G. Hønsi, la fram resultat for deltakarar frå næringslivet under konferansen Klimaomstilling 2019.

Forskarane bak prosjektet, Tone Rusdal og Torunn G. Hønsi, la fram resultat for deltakarar frå næringslivet under konferansen Klimaomstilling 2019.

Vestlandsforsking gjennomfører ein studie av korleis miljøteknologi kan brukast i arbeidet med klimatilpassing. Spørmålet oppdragsgjevaren ønskjer eit svar på, er om dette kan tenkast å bli eit nytt, regionalt satsingsområde.

Måla med utgreiinga er å:

  1. kartlegge synspunkt på, og forslag til, nye teknologiske løysingar for å møte utfordringane klimaendringer stiller samfunnet overfor

  2. vurdere potensialet for å etablere Sogn som ein nasjonal møtearena for dette temaet og vurdere om det er grunnlag for å etablere ei ny næring i Sogn på dette området

Miljøteknologi kan i dette prosjektet vise til alle teknologiar, produkt og løysingar som direkte eller indirekte gagnar miljøet; i denne samanhengen handlar det om å tilpasse samfunnet til konsekvensar av forventa klimaendringar. Prosjektet vil sjå på både "hard" og "mjuk" teknologi. Det første omfattar tekniske endringar av produksjonsprosessar og/eller produkt, mens det det siste handlar om endra praksis i produksjonsprosessar og/eller produkt.

Les meir på Vestlandsforsking sine nettsider

Les rapporten "Klimatilpassingsteknologi - potensial for næringsutvikling og nasjonal møtearena i Sogn"


startdato: 01.11.2018

sluttdato: 01.05.2019

finansiert av: sogn regionråd

Klimatilpassing i små og mellomstore kommunar: Kartlegging av erfaringar

For å få eit betre bilete av status for klimatilpassing i norske kommunar, gjennomførte KS ei nasjonal, nettbasert spørjeundersøking hausten 2017. KS ønskte endå meir kunnskap om kommunane sitt arbeid og kva behov dei hadde for oppfølgjing, og bestilte ein studie som Vestlandsforsking gjennomførte ved årsskiftet 2018-19.

Arbeidet omfatta djupneintervju med utvalde personar i 11 kommunar: Aurland, Gjerdrum, Harstad, Lund, Lyngen, Namsos, Nedre Eiker, Ringebu, Vestvågøy, Voss og Ørskog. Kommunane er valde ut fordi dei har færre enn 50.000 innbyggarar og særleg store skadeutbetalingar dei siste ti åra for naturskade knytt til flaum, stormflo, vind og skred.

På bakgrunn av studien kjem forskarane med fire tilrådingar:

  • Statlege midlar til lokale sikringstiltak innan klimatilpassing bør styrkast vesentleg.

  • Eit øyremerka tilskot til ein kommunal klimakoordinator for å sikre at den administrative kapasiteten kjem opp på eit nødvendig minstenivå.

  • Ein nasjonal analyse av sårbarheit for klimaendringar i norske kommunar og korleis denne varierer med t.d. geografisk storleik, næringsgrunnlag og naturtype. Analysen skal gje eit nødvendig kunnskapsgrunnlag for ei meir målretta og effektiv klimatilpassing.

  • Ei vesentleg styrking av arbeidet med å gjere kunnskap om klimautfordringar og tilpassingstiltak meir lokalt relevant. Dette gjeld både forsking, utvikling og statleg rettleiing.

Les rapporten “Kartlegging av erfaringer fra arbeidet med klimatilpasning i små- og mellomstore kommuner”


STARTDATO: 01.11.2018

SLUTTDATO: 01.03.2019

FINANSIERT AV: SOGN REGIONRÅD

ClimTour

Verknader av klimaendringar på norsk, naturbasert reiseliv (ClimTour)

På verdsbasis er reiselivet er blant dei raskast veksande næringane. I Norge er næringa blitt ein viktig strategi for regional økonomisk utvikling. Samtidig trugar klimaendringane i aukande grad sjølve produksjonsgrunnlaget for det naturbaserte reiselivet. Skiturisme blir til dømes skadelidande når det manglar snø i skianlegga. Det naturbaserte reiselivet er heilt avhengig av økosystem- og klimatenester som snø, vakre landskap og eit livskraftig dyre- og planteliv. Reiselivet må òg ha ein velfungerande infrastruktur – men også vegar, hamner og telekommunikasjon blir påverka av klimaendringar.

Ein del skianlegg i Norge vil bli negativt påverka av klimaendringar etter kvart som milde vintrar blir vanlegare. Foto: Recbecca Sortland

Det finst førebels lite kunnskap om korleis norsk reiseliv samla sett vil bli påverka av klimaendringar. Det same gjeld reiselivet sin kapasitet til å tilpasse seg klimaendringar. ClimTour-prosjektet har som overordna mål å bringe fram ny kunnskap om vilkåra for berekraftig tilpassing til klimaendringar i det naturbaserte reiselivet i Norge. I tillegg kjem fire delmål:

  1. Avdekke kva for klimaendringar som er kritiske for naturbasert reiseliv i Norge

  2. Vurdere korleis klimaendringane kan råke utvalde økosystemtenester og fysisk infrastruktur som er kritisk for naturbasert reiseliv i Norge

  3. Utvikle klimatilpasningsstrategiar for brukarpartnarane som deltek i prosjektet

  4. Utvikle klimatenester for reiselivet

Prosjektet har fått ei varm mottaking i reiselivet, og mange har uttrykt at dette er noko dei ønskjer å vite meir om. I tråd med idealet om at dei ein forskar på bør delta i forskinga, er næringa òg representert i produksjonen av kunnskap. Grepet skal sikre at den nye kunnskapen blir relevant for reiselivet og at næringa kjenner eigarskap til funna i prosjektet. Forskarane håpar òg involveringa skal gjere det meir aktuelt for turistverksemder å setje i verk eigne tiltak for å tilpasse seg klimaendringane.

Prosjektet vil dra vekslar på faglege bidrag frå sentrale internasjonale forskarar innan reiseliv og klimaendringar. To konkrete produkt skal kome ut av prosjektet: ei reiselivsteneste integrert i klimaservicesenter.no og eit interaktivt klimaspel som skal stimulere til høgttenking om klimatilpassing i reiselivet.

Deltakarar i prosjektet

Reiselivsaktørar: Destinasjon Lofoten, Reisemål Hardangerfjorden, Visit Sognefjorden, Den Norske Turistforening (DNT), Flåm AS og NCE Tourism Fjord Norway

Norske forskingsmiljø i tillegg til Vestlandsforsking: Nordlandsforsking, Uni Research AS, MET Norge, Avdeling for biovitenskap ved Universitetet i Oslo og Miljøfaglig Utredning

Internasjonale deltakarar: Dr. Paul Peeters ved Senter for bærekraft, turisme og transport, Breda Universitet for Anvendt Vitenskap (CSTT); professor Daniel Scott ved University of Waterloo, Canada; professor Bruno Abegg ved Universitetet i Innsbruck, Austerrike og professor Michael C. Hall ved Institutt for ledelse, markedsføring og entreprenørskap, University of Canterbury, New Zealand

Les meir om prosjektet på Vestlandsforsking sine nettsider


Sjå filmen “Villvinter” av Johan Wildhagen

“Villvinter” formidlar nokre av forskingsfunna i prosjektet. Den korte filmen er laga av filmskapar og fotograf Johan Wildhagen for prosjektet, med klypp frå tre av case-destinasjonane i prosjektet: Flåm, Jotunheimen og Lofoten. Filmen formidlar ei melankolsk stemning knytt til tapet av is og snø.


STARTDATO: 01.01.2018

SLUTTDATO: 31.12.2022

FINANSIERT AV: NOREGS FORSKINGSRÅD