2019

Roadadapt

Utprøving av to verktøy for analyse av klimarisiko og kost/nytte-vurdering av klimatilpassing innan drift og vedlikehald av vegar (RoadAdapt)

Føremålet med RoadAdapt er å teste to nye metodar for å vurdere kor godt viktige vegstrekningar i Norge toler klimaendringane, og eventuelt kor mykje ein kan spare ved å gjennomføre førebyggande tiltak.

Fleire av dei store ferdselsårane i Norge blir i periodar stengde på grunn av flaum, overvatn og ulike typar skred. Slike problem er venta å auke på grunn av klimaendringar. Difor vil Statens vegvesen skaffe seg betre oversikt over kor skoen trykker og kor vidt det løner seg å komme problema i forkjøpet med førebygging.

Fagfolka gjer vurderingane

Den eine metoden forskarane skal prøve ut, gjer bruk av kunnskapen og erfaringa til vegetaten sine eigne fagfolk på ulike fagområde. Forskarane set kunnskapen deira i system gjennom å halde ein serie med strukturerte samlingar.

Desse samlingane er lagt opp slik at fagfolka sjølve gjer vurderingar av konsekvensar og sannsyn for ulike hendingar langs ei vegstrekning. Forskarane legg vurderingane inn i ein modell for å rekne ut risikoen på vegstrekninga i eit endra klima.

Føre var?

Den andre metoden som skal prøvast ut i RoadAdapt, er eit verktøy for å vege kostnad opp mot nytte. Med andre ord: vil det løne seg å førebygge mot overvatn på ein flaumutsett veg, eller er skadepotensialet for lite og kostnaden for høg?

I denne delen av studien reknar forskarane ut kor mykje ein kan rekne med å spare eller tape på å setje i verk førebyggande tiltak langs den same vegstrekninga som ein rekna ut klimarisiko for. Grunnlaget for utrekninga er altså risikovurderinga frå den første metoden.

EUROPAVEG 39

Vegen som skal fungere som case i studien, er ei lengre strekning av E39 mellom Agder og Sogn og Fjordane. Europaveg 39 startar i Trøndelag og går via Trondheim, Ålesund, Bergen, Stavanger og Kristiansand. Vegen vart skilta E39 for 19 år sidan.

Vestlandsforsking utfører prosjektet saman med Menon Economics. Statens Vegvesen er oppdragsgjevar. Rapportane frå prosjektet finn du på Vestlandsforsking sine nettsider.

Les nyhendesaka Testar nye metodar for klimatilpassing av vegstrekningar


startdato: 25.09.2019

sluttdato: 31.12.2019

finansiert av: STATENS VEGVESEN

 

Unchain

Utvikling av ein medverknadsbasert metode for analyse av klimarisiko og klimasårbarheit (Unchain)

Unchain er eit internasjonalt forskingsprosjekt om å analysere lokal klimarisiko saman med innbyggjarane på staden. Vestlandsforsking leier prosjektet, som har deltakarar frå fleire europeiske land.

Den fulle prosjekttittelen til Unchain-prosjektet er Unpacking climate impact chains. A new generation of action- and user-oriented climate change risk assessments. Klimaendringane vil i åra framover halde fram med å påverke natur og samfunn på ulike måtar. Slik oppstår ei rekkje typar uønskt klimarisiko, alt frå auka flaumfare i byane til at drikkevatnet i springen oftare gjer folk sjuke på grunn av auka avrenning.

Risiko kan i dei fleste tilfelle reduserast gjennom ulike former for tilpassingstiltak. Tradisjonelt er det forskarar og andre “ekspertar” som har analysert klimarisiko, men i Unchain skal forskarar og såkalla “brukarar” – folk frå utanfor akademia – samarbeide om å utvikle nye metodar for å analysere klimarisiko. Gevinsten er at ein kan ta større omsyn til lokalkunnskap. Målet er at en slik metode i neste omgang skal gjere det enklare å utforme effektive klimatilpassingstiltak.

Andre institutt i Nederland, Tyskland, Spania, Østerrike, Sverige og Frankrike deltek òg. Den norske delen av forskinga er finansiert av Noregs forskingsråd. Det samla budsjettet for prosjektet er 20 millionar kroner. Arbeidet tek til i september 2019 og skal vare i tre år.

Les meir om prosjektet her

Les nyhendesaka “Ein metode for alle”


STARTDATO: 01.09.2019

SLUTTDATO: 01.09.2022

FINANSIERT AV: Noregs forskingsråd

Klimakonsekvensar Rogaland

Utgreiing av konsekvensar av klimaendringar på natur og samfunn i Rogaland - utfordringar, mogelegheiter og prioriteringar

I 2020 får Rogaland sin første fylkesdekkande klimatilpassingsplan, og Noradapt leverer ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget.

Det faglege bidraget går ut på å skildre utfordringane og mogelegheitene ved klimaendringar for kommunane i Rogaland. Forskarane frå Vestlandsforsking, CICERO og NORCE Samfunn skal føreslå tiltak og prioriteringar av av tiltak for Rogaland fylkeskommune. Dei skal òg bidra til å samanstille eksisterande informasjon om konsekvensar av klimaendringar for natur og samfunn i Rogaland.

økonomiske konsekvensar

Noradapt si utgreiing om klimakonsekvensar i Rogaland skal hjelpe Rogaland fylkeskommune i skrivinga av Regionalplan for klimatilpasning i Rogaland 2020-2050. Planen skal vedtakast hausten 2020.

Noradapt si utgreiing om klimakonsekvensar i Rogaland skal hjelpe Rogaland fylkeskommune i skrivinga av Regionalplan for klimatilpasning i Rogaland 2020-2050. Planen skal vedtakast hausten 2020.

Noradapt skal kartlegge konsekvenser av klimaendringane for ulike arealtypar i fylket, med hovudvekt på sårbarheit og robustheit. For å gjere utfordringane konkrete for fylkeskommunen, skal forskarane utføre scenario-vurderingar på utvalde område. Økonomiske konsekvensar av klimaendringar på ulike samfunnsområde får størst merksemde i denne studien.

Lokale profilar

Forskarane har som mål å lage klimaprofilar på kommunenivå. Slike profilar kan vere eit viktig verktøy for å systematisere lokal klimakunnskap, ettersom regionale eller fylkesvise klimaprofilar kan bli for generelle.

TRE steg

Arbeidet Noradapt utfører for Rogaland fylkeskommune er delt inn i tre bolkar:

1. Analysere overordna konsekvenser av klimaendringar på natur og samfunn i Rogaland

2. Identifisere sårbare og robuste areal i Rogaland og omtale status, scenario og døme

3. Vurdere om ein kan utvikle lokale klimaprofilar med økosystemtilnærming, dvs. gjere koplingar mellom klimaeffektar og kva slags naturtypar som kjenneteiknar eit areal.

Meteorologisk institutt er underleverandør av lokale klimaanalysar i prosjektet.

Les rapportar frå prosjektet på Vestlandsforsking sine nettsider


STARTDATO: 20.08.19

SLUTTDATO: 31.12.19

FINANSIERT AV: ROGALAND FYLKESKOMMUNE

Fagbok i klimatilpassing og arealplanlegging

I takt med at undervisningstilbodet innan klimatilpassing er i utvikling på Høgskulen på Vestlandet og ved andre universitet og høgskular, er det behov for vitskapleg litteratur i tematikken. Fagboka skal vere retta mot nordiske forhold innan arealplanlegging med vekt på berekraftige løysingar.

I redaksjonsgruppa sit førsteamanuensis Marte Lange Vik og førstelektor Eli Heiberg, begge ved Institutt for miljø og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet og forskar Mari Hanssen Korsbrekke ved Vestlandsforsking.


startdato: 01.07.2019

sluttdato: 31.12.2020

Finansiert av: Noradapt 

Lausmasseskred i arealplanlegging

Intens nedbør utløyste fleire skred i Jølster i juli 2019. Spora i fjellsida var synlege i lang tid etter hendingane. (Foto: Eivind Brendehaug)

Intens nedbør utløyste fleire skred i Jølster i juli 2019. Spora i fjellsida var synlege i lang tid etter hendingane. (Foto: Eivind Brendehaug)

Lærdom frå sommarens skredhendingar og arbeidet med skogforvaltning i skredfarleg terreng i Jølster kommune

Prosjektet hentar lærdom frå skredhendingar (lausmasseskred) i Jølster, som no er ein del av Sunnfjord kommune, sommaren 2019. Målet er å auke kunnskapen om kva som må til for å endre praksis og tenke skredforebygging i forvaltning av skog.

Forskarane kartlegg lausmasseskred som er utløyst av intens nedbør, og ser på kva rolle grunneigarar, skogforvaltninga og kommunar (i kommunale planprosessar) gir skogen i samband med risikohandsaming.

Prosjektet blir gjennomført av førsteamanuensis Denise Ruther og høgskulelektor Lisbeth Dahle, begge ved Institutt for miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.


startDato: 01.07.2019

sluttdato: 31.12.2020

FinansierT av: Noradapt

Klimatilpassing i Norges nasjonalparkkommuner

Klimaendringane påverkar alt nasjonalparkar og omlandet deira. Meir og kraftigare nedbør gjer det t.d. vanskeleg å ta seg fram til turområde. Enkelte stader har aukande issmelting hindra ferdsle på breen. Ved Nigardsbreen i Jostedalen (på biletet) m…

Klimaendringane påverkar alt nasjonalparkar og omlandet deira. Meir og kraftigare nedbør gjer det t.d. vanskeleg å ta seg fram til turområde. Enkelte stader har aukande issmelting hindra ferdsle på breen. Ved Nigardsbreen i Jostedalen (på biletet) måtte breførarane kutte ut den guida familieturen i 2019 (foto: Wikimedia Commons).

I eit forprosjekt finansiert av Miljødirektoratet undersøker Vestlandsforsking korleis klimatilpassing kan inkluderast i kriteriesettet for å få status som nasjonalparkkommune. Prosjektet skal òg bidra til å heve kunnskapen om korleis klimaendringar påverkar dei norske nasjonalparkkommunane.

Alle kommunar som har status som nasjonalparkkommune eller har ein tettstad med status som nasjonalparklandsby, kan søkje om å bli medlem av samanslutninga Norges nasjonalparkkommuner (NPKL). Kriteriane er utarbeidde av Miljødirektoratet. NPKL har i dag 32 medlemmer, medan talet på kommunar som kan velje å søkje om medlemskap er 102.

Vestlandsforsking gjennomfører forprosjektet i samarbeid med Norges nasjonalparkkommuner og Lesja kommune. Eit viktig mål med prosjektet er å førebu eit hovudprosjekt der medlemskommunane blir trekte inn. Tanken er at hovudprosjektet skal gå nærare inn på kompetansehevande tiltak som kan ruste nasjonalparkkommunane til å møte utfordringar som følgjer med klimaendringane.

Les meir på Vestlandsforsking sine nettsider


STARTDATO: 01.05.2019

SLUTTDATO: 01.05.2020

FINANSIERT AV: miljødirektoratet