Roadadapt

Utprøving av to verktøy for analyse av klimarisiko og kost/nytte-vurdering av klimatilpassing innan drift og vedlikehald av vegar (RoadAdapt)

Føremålet med RoadAdapt er å teste to nye metodar for å vurdere kor godt viktige vegstrekningar i Norge toler klimaendringane, og eventuelt kor mykje ein kan spare ved å gjennomføre førebyggande tiltak.

Fleire av dei store ferdselsårane i Norge blir i periodar stengde på grunn av flaum, overvatn og ulike typar skred. Slike problem er venta å auke på grunn av klimaendringar. Difor vil Statens vegvesen skaffe seg betre oversikt over kor skoen trykker og kor vidt det løner seg å komme problema i forkjøpet med førebygging.

Fagfolka gjer vurderingane

Den eine metoden forskarane skal prøve ut, gjer bruk av kunnskapen og erfaringa til vegetaten sine eigne fagfolk på ulike fagområde. Forskarane set kunnskapen deira i system gjennom å halde ein serie med strukturerte samlingar.

Desse samlingane er lagt opp slik at fagfolka sjølve gjer vurderingar av konsekvensar og sannsyn for ulike hendingar langs ei vegstrekning. Forskarane legg vurderingane inn i ein modell for å rekne ut risikoen på vegstrekninga i eit endra klima.

Føre var?

Den andre metoden som skal prøvast ut i RoadAdapt, er eit verktøy for å vege kostnad opp mot nytte. Med andre ord: vil det løne seg å førebygge mot overvatn på ein flaumutsett veg, eller er skadepotensialet for lite og kostnaden for høg?

I denne delen av studien reknar forskarane ut kor mykje ein kan rekne med å spare eller tape på å setje i verk førebyggande tiltak langs den same vegstrekninga som ein rekna ut klimarisiko for. Grunnlaget for utrekninga er altså risikovurderinga frå den første metoden.

EUROPAVEG 39

Vegen som skal fungere som case i studien, er ei lengre strekning av E39 mellom Agder og Sogn og Fjordane. Europaveg 39 startar i Trøndelag og går via Trondheim, Ålesund, Bergen, Stavanger og Kristiansand. Vegen vart skilta E39 for 19 år sidan.

Vestlandsforsking utfører prosjektet saman med Menon Economics. Statens Vegvesen er oppdragsgjevar. Rapportane frå prosjektet finn du på Vestlandsforsking sine nettsider.

Les nyhendesaka Testar nye metodar for klimatilpassing av vegstrekningar


startdato: 25.09.2019

sluttdato: 31.12.2019

finansiert av: STATENS VEGVESEN