Unchain

Utvikling av ein medverknadsbasert metode for analyse av klimarisiko og klimasårbarheit (Unchain)

Unchain er eit internasjonalt forskingsprosjekt om å analysere lokal klimarisiko saman med innbyggjarane på staden. Vestlandsforsking leier prosjektet, som har deltakarar frå fleire europeiske land.

Den fulle prosjekttittelen til Unchain-prosjektet er Unpacking climate impact chains. A new generation of action- and user-oriented climate change risk assessments. Klimaendringane vil i åra framover halde fram med å påverke natur og samfunn på ulike måtar. Slik oppstår ei rekkje typar uønskt klimarisiko, alt frå auka flaumfare i byane til at drikkevatnet i springen oftare gjer folk sjuke på grunn av auka avrenning.

Risiko kan i dei fleste tilfelle reduserast gjennom ulike former for tilpassingstiltak. Tradisjonelt er det forskarar og andre “ekspertar” som har analysert klimarisiko, men i Unchain skal forskarar og såkalla “brukarar” – folk frå utanfor akademia – samarbeide om å utvikle nye metodar for å analysere klimarisiko. Gevinsten er at ein kan ta større omsyn til lokalkunnskap. Målet er at en slik metode i neste omgang skal gjere det enklare å utforme effektive klimatilpassingstiltak.

Andre institutt i Nederland, Tyskland, Spania, Østerrike, Sverige og Frankrike deltek òg. Den norske delen av forskinga er finansiert av Noregs forskingsråd. Det samla budsjettet for prosjektet er 20 millionar kroner. Arbeidet tek til i september 2019 og skal vare i tre år.

Les meir om prosjektet her

Les nyhendesaka “Ein metode for alle”


STARTDATO: 01.09.2019

SLUTTDATO: 01.09.2022

FINANSIERT AV: Noregs forskingsråd