Prosjektet tek utgangspunkt i at kommunar, andre offentlege etatar, bedrifter og frivillige organisasjonar har ulike utfordringar når det gjeld klimatilpassing, og at standardiserte “klimatilpassingsoppskrifter” ikkje nødvendigvis vil treffe alle. Dette gjeld både regelverk og retningslinjer og konkrete, naturbaserte utfordringar.
Denne innsikta kan skape eit utgangspunkt for kunnskapsutvikling og bruk av kunnskap til utforming av tiltak. På den måten er Klimathon eit forsøk på å etablere ein slags organisatorisk infrastruktur for refleksjon, perspektivutvikling og kompetanseheving, der involverte aktørar i praksis vil lære av kvarandre. Ein fordel med ein meir organisert Klimathon, er at det forenklar arbeidet med å samle og strukturere kunnskap om klimatilpassing på tvers av sektorar, anten det er snakk om ulike delar av offentleg sektor, mellom forsking og praksis eller mellom privat og offentleg.
Dette prosjektet skal vidareutvikle Klimathon som arbeidsmetode på tre måtar: For det første ved å arrangere ei tredje utgåve hausten 2020, Klimathon 2020, som ein test på om arbeidsmetoden eignar seg for ei regionbasert arrangementsrekkje for 2021. For det andre skal prosjektet gjere eit litt grundigare analysearbeid om samproduksjon som tematikk for å styrke det faglege fundamentet til Klimathon som arbeidsmetode. For det tredje skapar òg Klimathon kvalitative data som kan nyttast i forsking. Det betyr at prosjektet òg skal reflektere rundt kva rolle slike data kan spele i forsking på klimatilpasning og klimaomstilling.
Prosjektleiar er Simon Neby ved NORCE Samfunn. Både Vestland fylkeskommune, CICERO Senter for klimaforskning, Nordlandsforskning, CET ved Universitetet i Bergen og Vestlandsforsking deltek.