2020

Klimathon

Prosjektet tek utgangspunkt i at kommunar, andre offentlege etatar, bedrifter og frivillige organisasjonar har ulike utfordringar når det gjeld klimatilpassing, og at standardiserte “klimatilpassingsoppskrifter” ikkje nødvendigvis vil treffe alle. Dette gjeld både regelverk og retningslinjer og konkrete, naturbaserte utfordringar.

Klimathon vart arrangert i 2018 og 2019, begge gonger i Bergen. Arbeidsmetodikken er eksperimentell og utforskande, og er tydeleg inspirert av IT-bransjens "hackathons". Deltakarane blir oppmoda om å ta i bruk eigne erfaringar, offentlege ressursar …

Klimathon vart arrangert i 2018 og 2019, begge gonger i Bergen. Arbeidsmetodikken er eksperimentell og utforskande, og er tydeleg inspirert av IT-bransjens "hackathons". Deltakarane blir oppmoda om å ta i bruk eigne erfaringar, offentlege ressursar og innsikt frå forsking på klimafeltet. Dei skal ikkje berre diskutere løysingar, men òg dele, synliggjere og presentere det dei kjem fram til. (Foto: Andreas Graven)

Denne innsikta kan skape eit utgangspunkt for kunnskapsutvikling og bruk av kunnskap til utforming av tiltak. På den måten er Klimathon eit forsøk på å etablere ein slags organisatorisk infrastruktur for refleksjon, perspektivutvikling og kompetanseheving, der involverte aktørar i praksis vil lære av kvarandre. Ein fordel med ein meir organisert Klimathon, er at det forenklar arbeidet med å samle og strukturere kunnskap om klimatilpassing på tvers av sektorar, anten det er snakk om ulike delar av offentleg sektor, mellom forsking og praksis eller mellom privat og offentleg.

Dette prosjektet skal vidareutvikle Klimathon som arbeidsmetode på tre måtar: For det første ved å arrangere ei tredje utgåve hausten 2020, Klimathon 2020, som ein test på om arbeidsmetoden eignar seg for ei regionbasert arrangementsrekkje for 2021. For det andre skal prosjektet gjere eit litt grundigare analysearbeid om samproduksjon som tematikk for å styrke det faglege fundamentet til Klimathon som arbeidsmetode. For det tredje skapar òg Klimathon kvalitative data som kan nyttast i forsking. Det betyr at prosjektet òg skal reflektere rundt kva rolle slike data kan spele i forsking på klimatilpasning og klimaomstilling.

Prosjektleiar er Simon Neby ved NORCE Samfunn. Både Vestland fylkeskommune, CICERO Senter for klimaforskning, Nordlandsforskning, CET ved Universitetet i Bergen og Vestlandsforsking deltek.

Her kan du lese rapporten om Klimathon2020

Engelsk versjon av rapporten


startdato: 01.12.2020

sluttdato: 21.12.2021

Finansiert av: Noradapt

Konflikt og samspel i klimapolitikken

At alpinanlegg følgjer etter den sikre snøen til høgfjellet, kan fort føre til konflikt med andre miljøomsyn (Foto: Rudy og Peter Skitterians, Pixabay).

At alpinanlegg følgjer etter den sikre snøen til høgfjellet, kan fort føre til konflikt med andre miljøomsyn (Foto: Rudy og Peter Skitterians, Pixabay).

Dette prosjektet ser på kor vidt omsyna til klimatilpassing og utsleppskutt er i konflikt med kvarandre eller dreg i same retning, og korleis klimapolitikken påverkar vilkåra for å nå måla om berekraftig utvikling.

Klimapolitikken har som hovudmål å kutte utslepp av klimagassar for å redusere konsekvensane av menneskeskapte klimaendringar. Samstundes må vi tilpasse samfunnet til utslag av klimaendringane. Innan klimapolitikk og -forvaltning har styresmaktene likevel i liten grad sett desse politikkområda i samanheng. Ei slik jamføring er viktig fordi tiltak for det eine påverkar det andre.

Tilpassing kan skape nye utslepp

Eit eksempel på konflikt er tilpassing i skiturismen: når vintrane blir kortare og vi får mindre snø i låglandet, reiser folk gjerne lengre for å få sikker påskesnø. Å køyre langt for å finne gode snøforhold, vil føre med seg større klimautslepp og dermed forsterke drivhuseffekten. Vi har ikkje ein politikk for å hindre denne åtferda.

Også skidestinasjonane tilpassar seg, mellom anna gjennom å flytte skitrekk høgare opp i fjellsidene. Det gjer samtidig at skikøyringa kan kome i konflikt med omsynet til biologisk mangfald i høgfjellet – til dømes villreinen. Desse dyra er avhengige av store, inngrepsfrie areal, og Norge har forplikta seg til å sikre levekåra deira. Dette dømet viser behovet for å sjå tilpassing, klimautslepp og berekraft i samanheng, slik at tiltak for det eine ikkje slår i heil det andre.

Klimatilpassing bør ikkje føre til nye klimautslepp eller andre miljøbelastningar. Eit godt døme på berekraftig klimatilpassing er blågrøne strukturar, som både førebygger flaum og skapar grøne lunger i urbane strøk. Figuren viser open og lokal hand…

Klimatilpassing bør ikkje føre til nye klimautslepp eller andre miljøbelastningar. Eit godt døme på berekraftig klimatilpassing er blågrøne strukturar, som både førebygger flaum og skapar grøne lunger i urbane strøk. Figuren viser open og lokal handtering av overvatn, og er henta frå NOU 2015:16, Overvann i byer og tettsteder — Som problem og ressurs.

Blågrøn førebygging

Det finst heldigvis gode eksempel på at tiltaka dreg i same retning. Å etablere såkalla «blågrøne strukturar» i tettstadar og byar, altså grøntareal kombinert med opne bekkar og dammar, vil både redusere risikoen for overflateflaum og dempe verknaden av hetebølgjer i lokalmiljøet. Blågrøne strukturar vil også stimulere det biologiske mangfaldet ved å gi dyr, planter og insekt betre levevilkår.

Råd om samordning

Forskarane skal studere korleis politikken kan stimulere til godt samspel mellom dei ulike klimaomsyna, men òg korleis konfliktar oppstår. Dette vil dei studere både på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå; i tillegg kjem samanhengen mellom dei ulike styringsnivåa. Prosjektet vil avgrense seg til å studere eitt fylke, og studien vil omfatte både fylkeskommunen og fylkesmannen (staten) sin politikk. I tillegg ser forskarane på to kommunar, med vekt på arealplanlegging, transport og bygningsmiljø.

Arbeidet skal munne ut i råd til styremaktene om korleis dei kan stimulere ei betre koordinering av politikken slik at samfunnet oppnår samspel og ikkje konflikt mellom kutt i klimautslepp, klimatilpassing og berekraftomsyn.

Fire av Noradapt-partnarane

Forskingsprosjektet blir leia av Vestlandsforsking. I tillegg deltek forskarar frå CICERO Senter for klimaforskning, SINTEF Co


Publikasjonar frå prosjektet

Gaarder, Sivertsen, Time, Skagen, Tønnesen, Groven og Brendehaug (2023). Slik ivaretas klima, miljø og naturmangfold i byggeprosjekter. SINTEF forskningsnytt.
https://www.sintef.no/siste-nytt/2023/slik-ivaretas-klima-miljo-og-naturmangfold-i-byggeprosjekter/

Skagen, Tønnesen, Gaarder, Groven, Sivertsen and Time (2023). Integrasjon av klima- og naturhensyn i planlegging og gjennomføring. Plan, 55, 1, 14-21.  https://www.idunn.no/doi/10.18261/plan.55.1.4


Startdato: 01.08.2020

Sluttdato: 31.12.2022

Finansiert av: Norges forskingsråd og Kunnskapsdepartementet

Norsk klimamonitor 2021

Aldri før har det blitt forska så mykje på klimatilpassing i Noreg. Ulike aktørar samlar inn store mengder data frå eit mangfald av kjelder, til ulike forskingsføremål. Klimamonitor forsøker å samle dette og legge grunnlaget for å etablera ei koordinert datainnsamling på kryss og tvers av samfunnet. I desember 2021 lanserer vi ei ny nettside der vi deler ny innsikt frå Klimamonitor

Folk frå ulike sektorar kjem kvart år saman på den nasjonale konferansen #Klimaomstilling for å oppdatere seg på nye prosjekt og tema. Fordi det er vanskeleg å få oversikt over alt som føregår på dette området, har Noradapt gjennom forprosjektet Kli…

Folk frå ulike sektorar kjem kvart år saman på den nasjonale konferansen #Klimaomstilling for å oppdatere seg på nye prosjekt og tema. Fordi det er vanskeleg å få oversikt over alt som føregår på dette området, har Noradapt gjennom forprosjektet Klimamonitor som mål å samle trådane, både for å gi oversikt og koordinere innsamling av nye data. Foto (frå #Klimaomstilling 2019): Kyrre Groven.

At klimatilpassing er ei oppgåve som rører ved alle delar av samfunnet, er ei erkjenning som vert stadig meir aktuell. Konsekvensane av klimaendringane legg føringar på planlegging, bygging og vedlikehald, men det påverkar òg korleis me kan bu og røre oss og korleis me kan drive næringsverksemd i framtida. Miljødirektoratet peikar på at alle i samfunnet har eit ansvar for å bidra til å løyse klimatilpassingsoppdraget: «den enkelte, husholdninger, private foretak og myndigheter».

Klimamonitor tek denne erkjenninga på alvor.

Storstilt datainnsamling

Eit forprosjekt har samla tidlegare forsking skissert hovudtrekka for ei storstilt datainnsamling i tre hovuddelar av samfunnet: hushald og individ, privat næringsliv og offentleg forvalting.

Hovudtema i undersøkinga:

  1. samfunnets kunnskap om og haldningar til klimasårbarheit

  2. samfunnets arbeid med klimatilpassing 

  3. korleis samfunnet sitt arbeid med klimatilpassing står i forhold til målet om ei berekraftig utvikling

Forprosjektet har i 2021 gått over i eit hovudprosjekt. Eit viktig mål for dette hovudprosjektet er at datainnsamlinga skal vere godt koordinert med, og breitt forankra hjå, andre forskings- og forvaltingsaktørar som har interesse av forskinga på klimatilpassing i Noreg. Ein viktig del av forprosjektet har difor vore å avklare planar, forventingar og behov hjå andre.

I forprosjektet blei det òg gjennomført pilotundersøkingar i mange delar av samfunnet med ulike metodar og framgangsmåtar.

Offentleg forvalting

Offentleg forvalting er den delen av samfunnet som, naturleg nok, er best undersøkt. Her gjer vi opp kunnskapsstatus ved å analysere 13 tidlegare populasjons-spørjeundersøkingar til norske kommunar, gitt i tidsrommet 2007-2019. Vi gjennomfører òg ei undersøking til fylkeskommunar og fylkesmannsembete/statsforvaltarar som kartlegg rollefordelinga og rolleforståinga mellom desse.

Etablering av undersøkingar i kommunane og på direktorat- og etatsnivå er òg drøfta.

Privat næringsliv

Medan enkelte delar av samfunnet (og særleg delar av forvaltinga) er godt dekte i forskingslitteraturen, er det andre delar vi ikkje har like god forståing av. Det private næringslivet og hushaldingar er døme på det. I Noreg, så vel som internasjonalt, handlar litteraturen om det private næringslivet først og fremst om primærnæringar, reiseliv og finans.

For å utvide forståinga av tilpassingsinnsatsen i det private næringslivet, er det gjennomført ei pilotundersøking med konsulentar i samarbeid med Rådgivende Ingeniørers Forening. Undersøkinga viser mellom anna at det private næringslivet er mindre flinke enn alle delar av forvaltinga, både når det gjeld initiativ og kunnskap knytt til klimatilpassing.

Hushald og individ

Denne delen av samfunnet er det vi veit desidert minst om.

Ein gjennomgang av internasjonal litteratur viser likevel at det ei rekkje dimensjonar ved individuelle haldningar og handlekraft som er svært nyttige å undersøke i ein norsk kontekst.

Pilotundersøkinga tek form som ei deltaking i UiB sitt Medborgerpanel.

Les rapporten frå forprosjektet her


Startdato: 01.05.2020

Sluttdato: 01.03.2022

Finansiert av: noradapt

Jostice

Natural and societal consequences of climate-forced changes of Jostedalsbreen Ice Cap (Jostice)

Forskingsprosjektet Jostice er den første store studien av Jostedalsbreen. Frå brefronten ved Nigardsbreen. (Foto: Maria C. Knagenhjelm, Fylkesmannen i Vestland)

Forskingsprosjektet Jostice er den første store studien av Jostedalsbreen. Frå brefronten ved Nigardsbreen. (Foto: Maria C. Knagenhjelm, Fylkesmannen i Vestland)

Det internasjonale forskingsprosjektet med kortnamnet Jostice skal kartlegge ulike sider ved Jostedalsbreen. Det inneber måling av massebalanse, avrenning, isvolum og det lokale klimaet i områda rundt breen.

I tillegg til dei naturvitskaplege studiane, kjem vurderingar av korleis breen blir påverka av klimaendringane og kva det har å seie for lokalsamfunna rundt breen - særleg kraftproduksjon, reiseliv og landbruk.

Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking (begge i Noradapt) er blant partnarane i prosjektet. I tillegg deltek NVE, UiO og UiB og fleire internasjonale partnarar. Prosjektet er tildelt 17 millionar kroner frå Forskingsrådet.

Les meir på Jostice si heimeside

“Når Jostedalsbreen smeltar” - nyheitssak frå Noradapt, 18. desember 2019


Startdato: 01.01.2020

Sluttdato: 31.12.2023

Finansiert av: Noregs forskingsråd (klimaforsk)

Berekraftig klimatilpassing i matsektoren

Prosjektet handlar om to typar klimarisiko i matsektoren i Norge, det vil seie jordbruk, havbruk og fiskeri. Den eine typen klimarisiko forskarane skal sjå på, er tilpassing til klimapolitikk; den andre er berekraftig tilpassing til klimaendringar.

Landbruksfoto illustrasjon

Fordi det er lite framgang å spore i reduksjon av klimagassutslepp, både i Noreg og verda, aukar fokuset på radikal eller djup omstilling. Ei slik omstilling krev omfattande endringar i korleis vi produserer og transporterer mat, men òg når det gjeld det enkeltpersonar må gjere. Difor vil prosjektet analysere korleis reduksjonar i klimagassutslepp heng saman med berekraftig tilpassing til eit klima i endring. Dette reiser nokre store spørsmål om berekraft i matsektoren knytt til klimagassutslepp, arealbruk, mattryggleik, rekruttering og eit levedyktig landbruk og korleis ein kan forstå desse samanhengane.

Prosjektleiar er Grete Hovelsrud ved Nordlandsforskning, derifrå deltek også Bjørn Vidar Vangelsten, Leticia A. Nogueira og Brigt Dale. Frå CICERO Senter for klimaforskning deltek Helene Amundsen og Erlend Hermansen. Frå Vestlandsforsking deltek Mari Korsbrekke og Tone Rusdal.


startDATO: 01.01.2020

sluttDATO: 31.12.2021

Finansiert AV: Noradapt

Vannklimrisk

Vassforvaltar i eit endra klima (Vannklimrisk)

Meir nedbør, men òg fleire naturskadehendingar som flaum og skred, aukar risikoen for ureining av vatn. Prosjektet Vannklimrisk er eit ledd i samfunnet si førebygging av at miljøgifter kjem på avvege i naturen.

Vannklimrisk logo

Prosjektet Vannklimrisk (Vassforvaltar i eit endra klima) går ut på å styrke førebygginga av naturskadehendingar som kan føre til at miljøgifter kjem på avvege i naturen. Fleire offentlege verksemder i tre fylke er med.

Miljøgifter hopar seg opp

Klimaendringar vil føre til meir nedbør og større avrenning av ureining frå land til sjø, og påverke både det økologiske og kjemiske vassmiljøet. Gamle og nye miljøgifter vil bli tatt opp av vasslevande organismer, hope seg opp i næringskjedene og til slutt havne på matfatet vårt.

Eit uventa og svært kraftig regnskyll førte til flaum og jordskred fleire stader i Jølster 30. juli 2019. Slike hendingar fører mellom anna til at vatn blir forureina, med mindre ein førebygger effektivt i flaumutsette område. (Foto: Linda Olin Reit…

Eit uventa og svært kraftig regnskyll førte til flaum og jordskred fleire stader i Jølster 30. juli 2019. Slike hendingar fører mellom anna til at vatn blir forureina, med mindre ein førebygger effektivt i flaumutsette område. (Foto: Linda Olin Reite, NRK)

Vassforvaltinga i Norge har i dag for liten kunnskap om miljøgiftpåvirkningar og lokal ureining av vassmiljøet til å vurdere om målet i EU sitt vassdirektiv om god kjemisk tilstand vert nådd innan 2021.

Nye verktøy

Prosjektet Vannklimrisk vil produsere ny kunnskap, og utvikle nye tilpassa verktøy, som lokal og regional forvaltning kan bruke for å identifisere lokale kjelder til miljøgifter og analysere risiko for spreiing av miljøgifter i eit endra klima.

Vannklimrisk går ut på å byggje kunnskap og utvikle nye forvaltingsverktøy i tett samarbeid med sakshandsamarar innan vassforvaltning, klimatilpassing, planarbeid og ureining. Sakshandsamarane kjem frå utvalde kommunar/vassområde, fylkeskommuar og fylkesmannsembete i fylka Trøndelag, Vestland og Vestfold og Telemark.

Hjelp til kartlegging

Prosjektgruppa skal utvikle eit nytt, digitalt kartleggingsverktøy for identifisering av lokale miljøgiftkjelder, "Miljøgiftkartleggaren". Dei skal i tillegg utvikle ein GIS-basert ROS-analyse som kan hjelpe kommunar og andre til å vurdere om miljøgifter kan spreiast til vassmiljøet som følgje av klimaendringar (styrtregn, flaum osb.).

Torunn G. Hønsi er toksikolog og har gjennomført fleire prosjekt om miljøgifter og auka avrenning. Ein forløpar til Vannklimrisk er Toksklim, eit forprosjekt i 2016-2017 der Vestlandsforsking samarbeidde med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesman…

Toksikolog Torunn G. Hønsi ved Vestlandsforsking har gjennomført fleire prosjekt om miljøgifter og auka avrenning. Forløparen til Vannklimrisk er Toksklim (2016-17), der offentlege aktørar på Vestlandet (RFF-finansiert). Foto: Vestlandsforsking

Vannklimrisk vil også utforske og analysere korleis samarbeidet er mellom vassområda, fylkeskommunane og fylkesmennene i dei tre fylka. Planen er å prøve ut nye samhandlingsformer der også forskarar deltek slik at ein kan styrke evna til å handtere dei komplekse utfordringane vassforvaltinga står overfor.

Mange deltakarar i tre fylke

Partnarskapen i Vannklimrisk har mange deltakarar frå dei tre involverte fylka: NTNU Institutt for geografi, fylkeskommunane Vestfold og Telemark, Vestland og Trøndelag, fylkesmannsembeta i Vestfold og Telemark, Vestland og Trøndelag i tillegg til 11 kommunar: Tønsberg, Larvik, Sogndal, Vik, Høyanger, Solund, Gulen, Oppdal, Orkland, Tynset og Rennebu. Vestland fylkeskommune har rolla som prosjekteigar, og prosjektleiaren er vassregionkoordinator Merete Farstad.

måla i prosjektet

Hovudmålet i prosjektet er å utvikle samhandlingsformer og verktøy for å setje miljø- og vassforvaltinga i stand til å vurdere risikoen for spreiing av miljøgifter til vassmiljøet som følgje av klimaendringar.

I tillegg kjem tre delmål:

  1. Samskape nye samhandlingsformer for vass- og miljøforvaltninga

  2. Utvikle eit digitalt verktøy for kartlegging av miljøgiftkjeder - Miljøgiftkartleggaren

  3. Utvikle GIS-applikasjonar og ROS-verktøy for å analysere risiko for spreiing av miljøgifter og påverknad på vassmijøet som følgje av klimaendringar

Høyr Miljødirektoratet sitt webinar med Vannklimrisk (5. september 2023)


Startdato: 01.01.2020

Sluttdato: 31.12.2023

Finansiert av: RFF Vest