Dette prosjektet ser på kor vidt omsyna til klimatilpassing og utsleppskutt er i konflikt med kvarandre eller dreg i same retning, og korleis klimapolitikken påverkar vilkåra for å nå måla om berekraftig utvikling.
Klimapolitikken har som hovudmål å kutte utslepp av klimagassar for å redusere konsekvensane av menneskeskapte klimaendringar. Samstundes må vi tilpasse samfunnet til utslag av klimaendringane. Innan klimapolitikk og -forvaltning har styresmaktene likevel i liten grad sett desse politikkområda i samanheng. Ei slik jamføring er viktig fordi tiltak for det eine påverkar det andre.
Tilpassing kan skape nye utslepp
Eit eksempel på konflikt er tilpassing i skiturismen: når vintrane blir kortare og vi får mindre snø i låglandet, reiser folk gjerne lengre for å få sikker påskesnø. Å køyre langt for å finne gode snøforhold, vil føre med seg større klimautslepp og dermed forsterke drivhuseffekten. Vi har ikkje ein politikk for å hindre denne åtferda.
Også skidestinasjonane tilpassar seg, mellom anna gjennom å flytte skitrekk høgare opp i fjellsidene. Det gjer samtidig at skikøyringa kan kome i konflikt med omsynet til biologisk mangfald i høgfjellet – til dømes villreinen. Desse dyra er avhengige av store, inngrepsfrie areal, og Norge har forplikta seg til å sikre levekåra deira. Dette dømet viser behovet for å sjå tilpassing, klimautslepp og berekraft i samanheng, slik at tiltak for det eine ikkje slår i heil det andre.
Blågrøn førebygging
Det finst heldigvis gode eksempel på at tiltaka dreg i same retning. Å etablere såkalla «blågrøne strukturar» i tettstadar og byar, altså grøntareal kombinert med opne bekkar og dammar, vil både redusere risikoen for overflateflaum og dempe verknaden av hetebølgjer i lokalmiljøet. Blågrøne strukturar vil også stimulere det biologiske mangfaldet ved å gi dyr, planter og insekt betre levevilkår.
Råd om samordning
Forskarane skal studere korleis politikken kan stimulere til godt samspel mellom dei ulike klimaomsyna, men òg korleis konfliktar oppstår. Dette vil dei studere både på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå; i tillegg kjem samanhengen mellom dei ulike styringsnivåa. Prosjektet vil avgrense seg til å studere eitt fylke, og studien vil omfatte både fylkeskommunen og fylkesmannen (staten) sin politikk. I tillegg ser forskarane på to kommunar, med vekt på arealplanlegging, transport og bygningsmiljø.
Arbeidet skal munne ut i råd til styremaktene om korleis dei kan stimulere ei betre koordinering av politikken slik at samfunnet oppnår samspel og ikkje konflikt mellom kutt i klimautslepp, klimatilpassing og berekraftomsyn.
Fire av Noradapt-partnarane
Forskingsprosjektet blir leia av Vestlandsforsking. I tillegg deltek forskarar frå CICERO Senter for klimaforskning, SINTEF Co
Publikasjonar frå prosjektet
Gaarder, Sivertsen, Time, Skagen, Tønnesen, Groven og Brendehaug (2023). Slik ivaretas klima, miljø og naturmangfold i byggeprosjekter. SINTEF forskningsnytt.
https://www.sintef.no/siste-nytt/2023/slik-ivaretas-klima-miljo-og-naturmangfold-i-byggeprosjekter/
Skagen, Tønnesen, Gaarder, Groven, Sivertsen and Time (2023). Integrasjon av klima- og naturhensyn i planlegging og gjennomføring. Plan, 55, 1, 14-21. https://www.idunn.no/doi/10.18261/plan.55.1.4