For å sikre ei berekraftig utvikling i samfunnet, bør klimaomstilling og klimatilpassing vere godt integrert i regionale og lokale planprosessar. Samtidig er det behov for å mobilisere lokal kunnskap til dette arbeidet og å sikre god forståing og engasjement for klimatilpassingstiltak hos innbyggarar i kommunane.
Tidlegare kartleggingar har konkludert med at kommunar ofte har utfordringar med å tolke flaumdata, samtidig som at auka uvisse skapar nye utfordringar i ulike sektorar. Dette kan tyde på at det er behov for å utvikle eit breiare datagrunnlag og betre kommunikasjonsmetodar for risikovurderingar i lokale kontekstar.
Prøver ut metodar
I samarbeid med Vestland fylkeskommune, og med finansiering frå Forskingsrådet, skal Vestlandsforsking, Norce Klima og Institutt for geografi ved NTNU teste ut ulike medverknadsmetoder for datainnsamling, visualisering av klimakunnskap og deltaking i planprosessar. Dette skal skje i tre kommunar: Osterøy, Sunnfjord og Kinn, som også er med i prosjektet og som alle har behov for å styrke arbeidet med klimatilpassing.
Dette skal prosjektet utvikle:
medforskingsmetodar for å skape større engasjement og legitimitet til kunnskapsgrunnlaget som klimatilpassinga byggjer på
visualiserings- og formidlingsmetodar som gjer kunnskapen tilgjengeleg og relevant for innbyggjarar
deltakingsmetodar for å auke innbyggjarane sitt engasjementet i planprosessar
Folk kan dele eigne data
Medforskingsmetodar kallast gjerne «citizen science» på engelsk, og inneber at vanlege folk tek del i forskinga. I dette prosjektet vil innbyggjarane kunne bidra gjennom å ta i bruk ein smarttelefon-app for registrering av flaum og overvasshendingar. Dei kan også dele data frå sine private vêrstasjonar.
Ideén til prosjektet blei til under eit doktorgradskurs som Senter for klima- og energiomstilling (CET) ved Universitetet i Bergen heldt i samarbeid med Noradapt og andre partnarar hausten 2019. Der deltok medarbeidarar frå Vestland fylkeskommune, dei tre kommunane og fou-partnarar i prosjektet.
Prosjektet er leia av Vestland fylkeskommune, ved Lene Omdahl.