Simon Neby ved NORCE held Noradapt-timen 31. august. Han tek for seg temaet norsk klimapolitikk og -forvaltning på tvers av utsleppsreduksjon og tilpassing.
Noradapt-timen: Klimaeffektar rett i lomma di – relevant, lokal og deltakande klimatilpassing
Å forholde seg til klimaendringar i stort, er vanskeleg for kvar enkelt. Derimot er det lett å få folk til å engasjere seg i korleis klimaet endrar seg akkurat der dei er. Denne tanken gjennomsyrar mykje av det Institutt for geografi ved NTNU gjer på forskingsområdet klimatilpassing. I Noradapt-timen 24. juni kan du høyre to geografar frå NTNUs Institutt for geografi snakke om folkeforsking og klimatilpassing.
Kronikk: Kutte tre for å kutte utslepp?
Kronikken “Kutte tre for å kutte klimautslepp” tek opp ei problemstilling vi kjenner frå vindkraftdebatten: at tilsynelatande grøne tiltak, som å bygge ut fornybar energi, kan ha negative konsekvensar for klima og miljø, til dømes i form av øydelagte myrar og dermed utslepp, i tillegg til å skade fugl. Forfattarane etterlyser betre samspel mellom tiltaka.
Noradapt-timen: Klimapolitikken er blind for naturøydeleggingane
Både i politikken og den offentlege debatten blir vern av natur og miljø ofte omdefinert til klimapolitikk. Elbil-satsing og utbygging av motorvegar, hyttefelt og vindkraft neglisjerer naturøydeleggingane dei medfører: nedbygging av natur som lagrar og bind karbon, redusert naturmangfald og større sårbarheit for klimaendringane. I webinaret Noradapt-timen 27. mai snakkar forskarar frå Vestlandsforsking om behovet for samsvar mellom tiltaka som skal gje oss ei grønare framtid.
Kronikk: Norge trenger en ny politikk for å ruste samfunnet mot klimaendringene
- Forskingsrådet etterlyser det Noradapt har
29. april held vi vår sjette nasjonale klimakonferanse
Ein verbal og musikalsk appell frå klimaaktivist og artist Marte Wulff er blant det vi byr på under årets utgåve av #Klimaomstilling 29. april, der vi òg rettar blikket mot haustens stortingsval og det som kjem etter pandemien. 2021-konferansen er den sjette vi held saman med andre som jobbar med klima i Vestland.