Professor Jan Ketil Rød og forskar Tomasz Opach ved Institutt for geografi, NTNU, held Noradapt-timen 24. juni. Dei to geografane er opptekne av korleis kvar av oss opplever klimaendringane og korleis ein kan setje fingeren på dei mest utsette punkta på kartet – anten det er i gata vår eller i ein heil by – såkalla «strategisk» klimatilpassing.
- Mange er etter kvart opptekne av klimaendringar, truleg fordi dei forstår at det er fleire enn isbjørnane i Arktis som kjem til å bli påverka, seier Jan Ketil Rød.
- Det som er relevant for folk flest, er at dei får vite korleis klimaet kjem til å bli der dei bur, og den sterkaste måten å gjere det på, er å visualisere lokale effektar av klimaendringar.
Folkeforsking og deltaking
Å trekke vanlege folk inn i forskinga på klimatilpassing er eit anna gjennomgåande trekk i det Rød og Opach jobbar med. I Noradapt-timen 24. juni deler dei erfaringar frå tidligare og pågåande forskningsprosjekt der folkeforsking, altså at innbyggarar deltek aktivt i delar av arbeidet forskarane gjer, er eit viktig element:
Vannklimrisk handlar om å utvikle nye forvaltningsverktøy for risikoanalyse av klimapåverka spreiing av miljøgifter til vassmiljø.
Citizen Sensing handlar om å gjere byar meir klimarobuste gjennom å trekke vanlege folk inn, både ved at dei deler observasjonar av vêrdata og liknande og at dei tek imot råd om slike tema i byen sin.
Medverknadsmetodar for berekraftig klimatilpassing går ut på å trekke innbyggarane meir med i planprosessar, t.d. gjennom å registrere klimarelaterte observasjonar via ein app.