Noradapt skulle i år vere partnar i Technoport, ein teknologi-konferanse med over 700 deltakarar, der temaet var korleis teknologi kan spele ei rolle i klimatilpassing. Konferansen er dessverre avlyst på grunn av coronaviruset, men Noradapt arrangerer likevel eit planlagt dialogmøte med konsulentbransjen via nettet.
Ny forsking på riksvegar: – Kan spare milliardar på å ta rekninga no
Dei viktigaste vegane i Norge blir jamleg stengde på grunn av flaum og skred. Slike problem er venta å auke med klimaendringane, men ein ny studie Vestlandsforsking og Menon Economics har gjort for Statens vegvesen, viser at talet på slike hendingar kan mangedoble seg dei neste tiåra viss vi ikkje satsar stort på førebygging.




