Blogg: Kva meiner vi eigentleg med “klima”?

Etter ei veke på kurs i samproduksjon av kunnskap, deler Mari Hanssen Korsbrekke tankar og observasjonar om å bygge ny kunnskap saman med menneske som har ulik bakgrunn.

Mari Hanssen Korsbrekke har jobba som forskar ved Vestlandsforsking sidan juni 2019 og er knytt til Noradapt. Ho er i ferd med å avslutte ein doktorgrad i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen.

Mari Hanssen Korsbrekke har jobba som forskar ved Vestlandsforsking sidan juni 2019 og er knytt til Noradapt. Ho er i ferd med å avslutte ein doktorgrad i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen.

Den siste veka i oktober var studentar, forskarar og kurshaldarar samla på ei fjellstove på Ljosanbotn ved Mjølfjell for å jobbe med klimarelaterte problemstillingar, men på ein bestemt måte: såkalla «co-production», eller «samproduksjon» av kunnskap. Metoden blir ofte brukt i forskingsprosjekt om klimatilpassing der ein anten jobbar på tvers av fagdisiplinar eller med folk som ikkje er forskarar.

Kurset var retta mot masterstudentar, doktorgradsstipendiatar og post doc-stipendiatar, og var det første i sitt slag som dreier seg om samproduksjon av tilpassingskunnskap. Noradapt var difor sponsor og var til stades saman med dei andre kurshaldarane frå universiteta i Bergen og Leeds, Senter for klima og energiomstilling (CET) og Norsk Klimaservicesenter (KSS) for å observere korleis undervisninga og gruppearbeidet gjekk for seg.

Nyttig når folk har ulik bakgrunn

Det var på ein benk utanfor Bjerknessenteret for klimaforskning i Bergen at ideen om kurset blei til. Scott Bremer frå Senter for Vitskapsteori og Erik Wilhelm Kolstad frå NORCE Klima og Bjerknessenteret har begge brukt samproduksjonsmetodar i fleire år. Bremer har vore oppteken av korleis kunnskap om vêr og klima eigentleg blir brukt, og har nyttig erfaring frå New Zealand og Bangladesh. Kolstad er som meteorolog oppteken av korleis ein modellerer vêr, og føler at det er for få som tek seg tid til metodar som omfattar samproduksjon av kunnskap.

Både Bremer og Kolstad har prøvd ut metodar for samproduksjon av kunnskap i forskingsprosjekt og blitt kjende med positive og negative sider ved denne framgangsmåten. Den fremste fordelen er at ein involverer menneske frå ulike delar av samfunnet og dermed sikrar at kunnskapen blir relevant og solid. Forskaren kan til dømes få innsikt i eit breitt spektrum av kunnskapstypar som verkar inn på haldningane våre til menneskeskapte klimaendringar.

 

ein meir likestilt prosess

Kva skjer eigentleg undervegs i kunnskapsproduksjon som går på tvers av eller mellom disiplinar, såkalla trans- eller interdisiplinær samproduksjon? Kurset er lagt opp til at studentar skal kunne reflektere over det dei sjølv sit med av kunnskap, metodar og disiplinar på ein måte som gjer at kunnskapen kan takast i bruk når dei skal samarbeide i komplekse og tidvis vanskelege kontekstar for å løyse problem, men også slik at ein kan betre kan forbli sjølv-refleksiv i eit slikt samarbeid.

Samproduksjon er vrient. Det tek dessutan lang tid, og ofte kan gjennomføringa by på uventa vanskar. Når ein skal produsere kunnskap saman, anten på tvers av disiplinar, eller for å innlemme lokal kunnskap om klima, prøver ein ofte å komme seg “forbi” dei tradisjonelle vitskapsmetodane til forskarane for å gjere forskingsprosessen meir likestilt og demokratisk. Men det kan også by på utfordringar knytta til til dømes makt, tidsbruk, språk og forventningar hos dei ulike partane.

Leiar i Norsk Klimaservicesenter, Anita Verpe Dyrrdal, kom for å fortelje meir om norsk klima og arbeidet dei gjer i sine rapportar om klimaet fram mot 2100. Marta Bruno Soares frå Universitetet i Leeds fortalde om erfaringar med at forskarar slit med å bli einige om korleis data skal samlast inn og korleis intervju skal transkriberast. Vår eigen Carlo Aall førelas også om korleis ein teoretisk kan oppfatte klimatilpassing.

Førelesing i plenum ved Carlo Aall, leiar i Noradapt og forskar ved Vestlandsforsking. Aall har leia fleire forskingsprosessar der ein har drøfta nedskalerte klimaframskrivingar med praktikarar frå kommunar og ulike samfunnssektorar for å forsøke å …

Førelesing i plenum ved Carlo Aall, leiar i Noradapt og forskar ved Vestlandsforsking. Aall har leia fleire forskingsprosessar der ein har drøfta nedskalerte klimaframskrivingar med praktikarar frå kommunar og ulike samfunnssektorar for å forsøke å komme nærare ei forståing av korleis lokalsamfunn og tenester kan bli meir sårbare overfor klimaendringar.

FORSKAren I TÅRNet

Håvard Haarstad er leiar for CET, Universitetet i Bergen sitt senter for klima og energiomstilling. Han understreka for studentane at samproduksjon av kunnskap eigentlig alltid skjer, men at det er grunnlaget slik kunnskapsproduksjon skjer påb som kan bli vanskeleg.

«Ofte blir vi som forskarar forskansa oppe i eit tårn, og får ikkje nok kontakt med dei rundt oss» 
— Håvard Haarstad, CET (UiB)

– Ofte blir vi som forskarar forskansa oppe i eit tårn, og får ikkje nok kontakt med dei rundt oss, sa han.  Han åtvara mot å sitje fast i eit ovanfrå-og-ned-perspektiv, eller å vere for fastlåst i fokus på å skulle nå fram til ei slags sanning. Tvert om, sa Haarstad, kunnskap kan ikkje gi oss ei universell sanning. Det gjeld å vise korleis innsikta ein kjem fram til er fragmentert, globalisert og lokalisert, og då må den kontekstualiserast godt.

Haarstad sette òg ord på at det kan vere vanskeleg å oppretthalde ei objektiv forskarrolle i slike forum, og mange gonger møter ein på ein slags oversettingsproblematikk som skapar overraskande misforståingar og asymmetri. Han la òg vekt på kor viktig det er å respektere folks tid og krefter; å delta i prosessar knytt til samproduksjon kan ta lang tid, og ofte får ikkje folk det dei trur dei skal få ut av prosessen:

– Samfunnet, seier Kolstad, vil ha god og brukbar kunnskap som produserast raskt.


Communitas på fjellet

I løpet av veka arbeidde studentane på kurset i små grupper. Dei fekk i oppgåve å utforme eit prosjektforslag basert på presentasjonar ved representantar frå kommunar og fylkeskommunar på Vestlandet. Korleis greier ei gruppe med så ulike deltakarar – som kjem frå heilt ulike tradisjonar, kunnskapsbakgrunnar og geografiar – å produsere kunnskap og idear saman?

Allereie ved første oppgåve oppdagar studentane at dei har ei utfordring i vente: Dei skal forklare kvarandre akkurat kva dei meiner med «klima» og kva dei meiner med «god klimatilpassing». Studentane svarar breitt og diskusjonen er i gang. Myldringa blir intensiv; nokre av gruppene får ulike flaumhendingar presentert, ifrå Jølster, Voss og Osterøy,  mens den fjerde gruppa får i oppgåve å lage eit prosjekt som kan hjelpe den nye Vestland fylkeskommune med å auke kapasiteten til å jobbe med klimatilpassing.

mangfaldige grupper

Heilt ulike bakgrunnar blei inga stor ulempe i gruppearbeidet.

Heilt ulike bakgrunnar blei inga stor ulempe i gruppearbeidet.

Bremer og Kolstad legg verkeleg opp til at gruppene skal vere så mangfaldige som mogeleg. Rundt same bord sit det dermed antropologar, sosiologar, naturvitarar, ein radiovert frå BBC og ein dansar som jobbar med psykosomatiske effektar av klimaendringar.

 – Det er vanskeleg, men veldig interessant, å måtte finne måtar å jobbe saman med menneske frå heile verda med så ulik bakgrunn, sa ein av studentane.

Samansveisa

Det finst kanskje ein annan interessant effekt av å samle ein gjeng som er framande for kvarandre på eit fjell i ei lita hyttegrend gjennom ei heil veke. Når førelesningane er slutt for dagen og samarbeidet om prosjekt er over, skjer det også andre overføringar av kunnskap. Studentane gir seg ikkje med å diskutere når arbeidsdagen er over. Folk deler det dei er opptatt av på ein annan måte – erfaringar som ut over det reint akademiske.

Til slutt blir deltakarane på kurset til meir enn studentar som tilfeldigvis har møttest. Nye netteverk og venskap veks fram på tvers av gruppene og ny kunnskap blir til som går forbi berre dei ulike prosjekta.

Prosjektforslaget gruppene legg fram den siste dagen av kurset blir difor berre ein liten del av bonusen ved samproduksjon denne gongen.