Noradapt-timen: Natur- og klimakrise - kvar for seg eller løysning i samanheng?

I Noradapt-timen 23. mars møter du Anders Tønnesen frå Cicero, som skal snakke om dei mange koplingane mellom klima og natur, med vekt på norsk arealforvaltning.

Anders Tønnesen er samfunnsgeograf og forskar ved Cicero Senter for klimaforskning

Anders Tønnesen frå Cicero Senter for klimaforskning tek for seg ulike koplingar mellom klima- og naturkrisene, med særleg vekt på norsk arealforvaltning, i lys av naturavtalen vi underteikna i Montreal. Avtalen stadfestar eit mål om å verne 30 prosent av jordas overflate.

Lokal arealforvalting

Foredraget til Anders Tønnesen tek utgangspunkt i gjennomførte forskingsprosjekt som legg vekt på kommunane si organisering av arealforvalting og korleis feltet inngår i lokale strategiar for sysselsetting og befolkningsvekst. Dei mest desentraliserte kommunane i Norge har få innbyggarar, men mesteparten av arealet i Norge. Dei spelar difor ei nøkkelrolle i omstilling til eit lågutsleppssamfunn - forankra i berekraftig arealbruk.

I presentasjonen ser Tønnesen på arealforvaltninga i desse kommunene, men argumenterer for at vi ikkje berre må forstå lokal arealforvaltning som eit lokalt fenomen: den er tett kopla til både byene og storsamfunnet sine behov.

Tid: Torsdag 23. mars kl. 11-12

Zoom-lenke: https://us02web.zoom.us/j/84103161593 (Ope for alle)