Ei veke att til påmeldingsfristen for #Klimaomstilling2023 i Sogndal

(Bannerfoto: Kyrre Groven)

3.-4. mai held Vestlandsforsking, Noradapt og andre partnarar den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2023 i Sogndal for åttande gong. Det overordna spørsmålet er korleis vi kan nå 2030-måla utan at det går på bekostning av til dømes naturverdiar og sosial rettferd.

Omgrepet “klimaomstilling” omfattar både utsleppsreduksjon og klimatilpassing, men i årets program er temaet klimatilpassing meir indirekte representert enn tidlegare.

Forskar Tone Rusdal ved Vestlandsforsking/Noradapt står ansvarleg for planlegginga av #Klimaomstilling2023.

– Vi ser meir heilskapleg på klimaomstillinga samfunnet går gjennom. Kva gjer til dømes klimakrisa med fellesskapet og med demokratiet vårt? Greier vi å løyse klimaproblema innafor rammene av demokratiet? Det skal Mari Helljesen frå Universitetet i Bergen opplyse oss om, seier Tone Rusdal ved Vestlandsforsking, som står for planlegging av konferansen. 

Andre namn frå programmet er Kikki Kleiven frå Bjerknessenteret, Jon Bjartnes frå Verdas Naturfond og Simon Neby frå CET ved Universitetet i Bergen.

Sjå programmet for #Klimaomstilling2023 her

Fordelar ved fysisk konferanse

Dette blir det åttande året Vestlandsforsking og partnarskapen i Vestland arrangerer konferansen #Klimaomstilling i Sogndal. Etter pandemien er det merkbart tyngre å få folk til å setje av to dagar til fysisk deltaking, trass i relevante tema og gode innleiarar.

– Vi merkar at vi må jobbe hardare for å vise kva du får ved å delta fysisk, som gode diskusjonar i mindre grupper og nettverksbygging, seier Rusdal, som minner om at det framleis går an å melde seg på. Fristen er sett til 18. april.

Calum Macintyre har engasjert seg for å stoppe oljeleitinga og stiller til samtale om radikal klimaaktivisme 3. mai. (Foto: Eliah Lillis)

Meld deg på her

Har tenkt nytt

For å utnytte fordelane ved at konferansen er fysisk og ikkje digital, har arrangørane prøvd eit nytt grep i programmet: ei aktiv pause der dei tilreisande kan utforske nærområdet.

– Vi har sett opp fleire alternativ til dei som er interesserte, som ein mosjonstur til dagsturhytta i Sogndal, tettstadvandring i sentrum eller ein joggetur langs fjorden, seier Rusdal.

Nytt av året er òg eit eige kveldsprogram som er ope for folk som ikkje deltek på konferansen. Her står kulturelle uttrykk knytt til klimakrisa sentralt, og vi tek for oss klimautfordringa gjennom perspektivet til forfattarar, kunstnarar og aktivistar. 

– Dette trur vi òg har appell blant dei litt yngre, seier Rusdal, som håpar å sjå studentar og unge sogningar på hotellet om kvelden 3. mai.