Har kartlagt arbeidet med klimatilpassing i fem land

På oppdrag frå Miljødirektoratet har Vestlandsforsking, Norce og partnarar i Sverige og Finland kartlagt korleis arbeidet med klimatilpassing er organisert i fem europeiske land. Rapporten har stor relevans for arbeidet med ei ny stortingsmelding om klimatilpassing i Norge.

Korleis er arbeidet med klimatilpassing organisert i andre europeiske land, og kva for system og praksisar fungerer særleg godt? Det har Vestlandsforsking undersøkt i ein ny rapport på oppdrag frå Miljødirektoratet.

I samarbeid med forskarar ved Norce, Universitetet i Helsinki og Stockholm Environment Institute har seniorforskar Irmelin Gram-Hanssen og leiande seniorforskar Carlo Aall ved Vestlandsforsking undersøkt og dokumentert korleis klimatilpassing er organisert og gjennomført i Finland, Storbritannia, Sverige, Tyskland og Austerrike.

Tverrgåande arbeidsgrupper

– Noko som fungerer spesielt godt i fleire land, er etablering av arbeidsgrupper innan tilpassing med deltaking frå ulike departement og politisk mandat, i tillegg til høg grad av integrering mellom tilpassing og andre sentrale samfunnsmessige oppdrag, slik som bærekraftsmåla og reduksjon av klimagassutslepp, fortel Gram-Hanssen.

Låg prioritet

Blant det som er utfordrande i fleire av landa, trekker ho fram låg politisk prioritering av tilpassing samanlikna med prioriteringa av utsleppsreduksjon.

– I tillegg kjem fragmentering og silostruktur i offentlig forvaltning.

relevant for ny stortingsmelding

Den norske regjeringa skal legge frem ein ny nasjonal strategi for klimatilpassing, i form av ei melding til Stortinget. Forskarane understrekar at innsiktene frå rapporten deira har stor relevans for den kommande meldinga.

Sjå rapporten her


Bannerfoto: Idun A. Husabø, Vestlandsforsking