Noradapt-timen: Klimatilpassing i Stavanger og Bergen: lokal forståing i lys av risikoar, klimatrusselen og normalpolitikk

I Noradapt-timen 22. februar møter vi Claudia Morsut ved Universitetet i Stavanger. Temaet ho tek opp er henta frå eit forskingsprosjekt der forskarane ser på korleis ulike strategiar for klimatilpassing fungerer – eller ikkje fungerer – saman.

Claudia Morsut ved Universitetet i Stavanger. Foto: Kjersti Riiber

Claudia Morsut er førsteamanuensis i samfunnssikkerheit ved Universitet i Stavanger. I webinaret 22. februar tek ho utgangspunkt i forskingsprosjektet “Lokal klimatilpasning: Fra risikostyring til securitisation strategier?” (Risksec2.0) og snakkar om klimatilpassing i Stavanger og Bergen.

Internasjonal og nasjonal politikk omfattar i dag ei rekke tiltak og planar for klimatilpassing. Desse er vanligvis utforma ut frå retningslinjer frå internasjonale styringsorgan, til dømes FN.

Men klimaendringane får utslag på lokalt nivå og tilpassingstiltak må difor i stor grad formast ut frå situasjonen i det enkelte lokalsamfunnet. Utan god forståing av lokale styringsmekanismar og lokale forhold, aukar sannsynet for at klimatilpassinga vil mislykkast. Det kan auke dei økonomiske kostandene med tilpassing og dei negative følgjene av klimaendringar for menneske og miljø.

Forskingsprosjektet Morsut er med i, analyserer synergiar og samanhengar mellom internasjonalt, nasjonalt og lokalt utforma strategiar for klimatilpasning. Føremålet med prosjektet er å avdekke konsekvensar av positive og negative samhandlingsmønster og korleis dette påverkar handtering av risikoar knytt til klimaendringar og klimahandtering.

I webinaret legg Morsut vekt på forskarane sine funn når det gjeld “securitisation” eller sikkerhetiserings-tilnærming til klimatilpassing på lokalt nivå. Kva fann dei i Stavanger og Bergen?


Tid: 22. febuar kl. 12:00-12:30

Lenke: https://us02web.zoom.us/j/82846539663