Nasjonalparkkommunar sette i verk tiltak etter prosjektsamarbeid

Tolga og andre nasjonalparkkommunar har henta inspirasjon frå eit prosjektsamarbeid om klimatilpassing. No har dei sett i gang konkrete klimatiltak.

Tolga kommune ligg i Østerdalen i Innlandet og har 1700 innbyggjarar. To tredelar av arealet er snaufjell, og nesten 20 prosent av arealet er verna. Nasjonalparklandsbyen Vingelen er innfallsporten til Forollhogna nasjonalpark.

– Vi er en liten kommune med begrensede ressurser. Alene kunne vi ikke ha kommet så langt i arbeidet med klimatilpasningene, seier landbruks- og næringssjef Kjersti Ane Bredesen i Tolga kommune i ein artikkel på nasjonalparkkommuner.no frå 5. februar.

– Siden vi var en del av dette forskningsprosjektet, har vi kommet langt i arbeidet hos oss. Klimatiltakene har blitt en del av kommunens planverk og budsjetter, fortel Bredesen.

Les artikkelen “Tolga kommune gjør praktiske klimatilpasninger”

samarbeid gav meir overordna perspektiv

Kjersti Ane Bredesen, landbruks- og næringssjef i Tolga kommune. Foto: privat

Gjennom prosjektet nasjonalparkkommunane var med i, fekk dei betre innblikk i korleis dei kunne møte konsekvensane av klimaendringar for ulike naturtypar både i og utanfor verneområda. Dei fekk òg eit større perspektiv på klimaendringane, takka vere dialog med kystkommunen Færder.

– Det gjorde oss bevisst på at kommunene må samarbeide om tiltakene i hele vannsystemet, seier Bredesen.

Prosjektet artikkelen viser til, var finansiert av Miljødirektoratet og leia av Vestlandsforsking. Rapporten frå prosjektet kom i 2022.

Les rapporten her