Fortalde Landbruks- og matdepartementet om klimarisiko som kryssar grenser

Forskarane Synnøve S. Beitnes og Halvor Dannevig fortalde om Noradapt og forsking på grenseoverskridande klimarisiko då ein stor delegasjon frå Landbruks- og madepartementet besøkte Sogndal nyleg.

Forskings- og administrasjonsavdelinga i LMD var på studietur i Sogn, og ønskte å høyre om forsking knytt til ansvarsområda deira. Fleire forskarar frå teknologi- og samfunnsforsking ved Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet tok for seg aktuelle satsingar og prosjekt knytt til Landbruks- og matdepartementet sine ansvarsområde.

Forskingsleiar Halvor Dannevig og forskar Synnøve S. Beitnes representerte Noradapt då Landbruks- og matdepartementet besøkte Campus Sogndal for å få innblikk i relevant forsking. Foto: Idun A. Husabø

Dannevig er forskingsleiar for klima- og miljø ved Vestlandsforsking, og forklarte dei rundt 30 gjestene frå departementet kva Vestlandsforsking og dei sju samarbeidspartane i Noradapt gjer på feltet klimatilpassing. Kva vi legg i «berekraftig klimatilpassing» var òg viktig å få fram.

Kva om soyaavlinga sviktar?

TransAdapt (Making trans-border climate change risks tangible for adaptation actions) var blant forskingsprosjekta som fekk mest merksemd i møtet med departementet, og forskar Synnøve S. Beitnes forklarte korleis klimarisiko lett kan «importerast» frå land ein handlar med, til dømes på landbruksfeltet.

Dei fleste bønder som driv med storfe, har basert seg på kraftfôr der soya frå Brasil er ein nødvendig komponent.

– Skulle avlingane i Brasil slå feil, slik vi har sett mange avlingar slå feil den siste tida her til lands, vil det få alvorlege følgjer for mange bønder. Slik kan klimarisikoen krysse landegrenser, sa Beitnes.

Forskings- og administrasjonsavdelinga i LMD bidreg til å vidareutvikle og gjennomføre forskings-, innovasjons- og utdanningspolitikken retta mot landbruks- og matsektoren. Dei samordnar òg arbeidet med tryggleik, beredskap og digitalisering i landbruks- og matforvaltinga, og har ansvar for styringsdialogen med Norges forskingsråd i tillegg til etatsstyringa av Norsk institutt for bioøkonomi. Foto: Idun A. Husabø

Samtidige kriser

I ei verd som er meir uroleg og byr på hyppigare ekstremvêr, er det ikkje vanskeleg å sjå for seg at avlingssvikt i Brasil kan førekome samtidig med at vi sjølve blir råka av ekstremvêr eller avlingar som sviktar, slik både «Hans» og ein dårleg korn- og potethaust i aust har vist no nyleg.

– Eit meir klimatilpassa jordbruk vil òg vere meir motstandsdyktig mot grenseoverskridande klimarisiko, sa Beitnes.