Klimaengasjert kronprins møtte forskarar

- Vi må både få ned utsleppa og samtidig jobbe for å sette lokalsamfunn i stand til å handtere meir vêr og bli meir robuste, sa Kronprins Haakon då han besøkte Sogndal 27. september. Kronprinsen møtte forskarar og studentar til ein samtale om klimaendringar.

Etter ilandstiginga frå Kongeskipet og kortesje til Campus Sogndal, vart Kronprins Haakon møtt av sju forskarar og to masterstudentar frå programmet Climate Change Management. Dei ni fekk deretter ha ein lukka samtale på Høgskulebiblioteket, under leiing av Vestlandsforsking sin direktør, Anne Karin Hamre.

Breitt spekter av klimaforsking

Deltakarane la fram ein flik av det dei forskar på til dagleg, frå naturvitskaplege forskingsfelt som bresmelting, fjellskred, lågtrykk og karbonbinding i myr til samfunnsvitskaplege sider ved klimaspørsmålet, som arealbruk, førebygging og klimatilpassing.

Direktør Anne Karin Hamre frå Vestlandsforsking leidde samtalen mellom Kronprins Haakon og forskarane frå Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking. Her snakkar Kronprinsen med meteorolog Kristine Flacké Haualand om ekstremvêret “Hans” og korleis klimaendringane kan endre måten lågtrykk oppfører seg på. Foto: Idun A. Husabø

Senterleiar Carlo Aall brukte sine minuttar til å setje søkelys på at klimatiltak ikkje må gå i beina på kvarandre. Tiltak som å plante gran vil utarme naturmangfaldet, gjer område mindre brukbare til friluftsliv og kan seinare bidra til skredfare, anten ved at skogen blir felt eller går med i ein storm, sa Aall.

Stipendiat og forskar Torbjørn Selseng forklarte på si side kor viktig det er at dei som jobbar med klimatilpassing i ein kommune har samansett kompetanse. For å forklare poenget sitt, sa han at fotballag ikkje kan ha berre spissar.

Sju forskarar og to masterstudentar var med på den lukka samtalen på Høgskulebiblioteket i Sogndal. Her snakkar Kronprinsen med Torbjørn Selseng om behovet for variert kompetanse blant dei som skal førebygge mot naturskade. Foto: Bror K. R. Tandberg

– Viss ingeniørar skal løyse problemet åleine, risiker ein å oversjå viktige og nokon gonger enkle løysingar som andre fagpersonar kunne ha peika på, som å bruke naturen til å løyse oppgåvene for oss.

Då Kronprinsen takka for samtalen, la han til at han lett kunne ha blitt i Sogndal i ei heil veke eller to, både for å gå i fjella og lære meir.

– Det de gjer på høgskulen og på Vestlandsforsking er spennande, det er imponerande og det har veldig stor betydning for oss alle.

Imponerte over engasjementet

Det var klart for alle som deltok i den lukka samtalen at Noreg har ein kronprins som både kan mykje om klimaendringane og har eit ekte engasjement på området. Då Kronprins Haakon etterpå heldt ein tale til folkemengda utanfor Høgskulebygget, stod klimaspørsmålet i fokus.

- Dette er jo noko av det aller viktigaste vi gjer i verda akkurat no, og det vil nok vere det i lang tid framover, sa Kronprinsen.

Stipendiat Ingrid Knutsdotter Koren, som jobbar med ein doktorgrad ved HVL om korleis kommunar betre kan trekke innbyggarane inn i arealplanlegginga, var blant forskarane ved Høgskulen på Vestlandet som var med på klimasamtalen. Ho sette stor pris på Kronprinsen si vektlegging av klimaspørsmålet.

Frammøtet på Campus Sogndal var upåklageleg, trass at onsdag 27. september var ein uvanleg fuktig dag. Kronprins Haakon går ved sidan av ordførar Arnstein Menes, med høgskulerektor Gunnar Yttri bak. Foto: Malin Waage

- Det er jo ein tematikk som veldig mange bryr seg om, og det at Kongehuset set eit eksempel, er jo kjempeviktig, sa Koren til NRK.

 

Oppslag om besøket og klimasamtalen:

NRK Vestland

NRK Dagsrevyen

Det Norske Kongehus

HVL

Sogndal kommune

Vestlandsforsking