Noradapt-timen er Noradapt sitt nett-vindauge ut til brukarane.
Kvar månad vil forskarane i Noradapt ta opp eit dagsaktuelt tema om berekraftig klimatilpassing med innlegg, diskusjon og spørjerunde. Webinaret blir gjennomført på plattforma Zoom og varar i ein time.
Spørsmålet som skal drøftast i det første webinaret er «Korleis kan overgangen til eit samfunn basert på 100% fornybar energi påverke samfunnet si sårbarheit for klimaendringar?». Tarje I. Wanvik (Norce), Brigt Dale (Nordlandsforsking) og Carlo Aall (Vestlandsforsking) innleiar på bakgrunn av en studie som snart skal leggjast fram.
Noradapt har òg bedt om kommentarar frå eit utval representantar for energisektoren som vi har intervjua.
opptak av webinaret finn du her: noradapt-timen 1
Bannerfoto: John Englart/Creative Commons