Klimahandtering inn i vegbyggarane sine samfunnsanalysar

Noradapt har saman med NGI og Menon Economics fått støtte frå Noregs forskingsråd til å utvikle eit analyseverktøy som gjer det det enklare å ta omsyn til klimarisiko i avgjerdsprosessen fram mot bygging av nye vegar.

Oppdraget skal utførast for Statens vegvesen og Nye Veier, og vil gjere at klimarisiko framstår som mer handgripeleg for avgjerdstakarar.

Samtidig skal prosjektet analysere korleis utviklinga i dagens samfunn kan påverke klimasårbarheit i vegsektoren, spesielt korleis transportmønster og reisevanar vil bli prega av nasjonale mål for utsleppsreduksjon.

Les meir på Statens vegvesen sine nettsider.

Bannerfoto: Astrid Westvang/Creative Commons