Lite klimatilpassing utan engasjerte politikarar

Kommunane har betra klimatilpassingsarbeidet sidan i fjor, men for mange gjenstår ei viktig hindring: tydeleg engasjement frå politikarane i kommunen.

I november la Noradapt-partnar CICERO fram ein rapport som tek pulsen på klimatilpassing i kommunane. Rapporten “Hvor godt er norske kommuner rustet for klimaendringer?” er bestilt av forsikringsselskapet If og byggjer på ei spørjeundersøking som har gått til alle norske kommunar. 122 kommunar deltok, og det store biletet er at arbeidet med klimatilpassing går framover, om enn sakte.

Ekstremvêrrapporten Cicero 2.JPG

Lokalpolitisk vilje avgjerande

Blant hindringane for dette arbeidet, peikar kommunane på at administrasjonen ikkje får tydelege nok signal frå kommunestyret om å prioritere klimatilpassing.

– Ansvarsfordeling og etablering av eit tydelig mandat er ein sentral suksessfaktor for eit arbeid som går på tvers av kommuneorganisasjonen, seier seniorforskar Marit Klemetsen ved CICERO Senter for klimaforskning.

Vedtak må til

Denne hindringa peikar seg særleg ut blant kommunar som er komne relativt kort i arbeidet. Ein av tre kommunar manglar vedtak i kommunestyret eller bystyret, eller forankring av klimatilpassingsarbeidet i andre vedtekne planar.

Alle dei største kommunane har eit slikt vedtak, medan to tredjedelar av store og mellomstore kommunar, og halvparten av dei små, har det same. Blant kommunane som oppgir at dei arbeider med klimatilpassing, har dei som har forankra arbeidet på denne måten kome vesentleg lengre enn de som arbeider med klimatilpassing utan slik forankring.

Politisk vilje lokalt til å prioritere klimatilpasning og en tydelig forankring spelar difor ei avgjerande rolle i at kommunen skal lukkast i arbeidet. At det manglar politisk vilje på kommunenivå, kan ein til dels kompensere for gjennom øyremerka midlar til klima- og klimatilpasningstiltak og fleire statlege krav og retningslinjer. Fleire kommunar ønskjer tydelegare krav og retningslinjer til private utbyggarar.

Manglar tid og ressursar

Ei anna kjend hindring blir stadfesta i rapporten: mangel på ressursar (økonomi/personal) og mangel på tid/kapasitet. Dette kan til ei viss grad løysast ved at kommunane får auka tilskot og meir hjelp til å gjennomføre tiltak. I tillegg peikar CICERO-rapporten på forenkling av søknadsprosessar og rapportering som aktuelle grep.

Fleire kommunar nemner òg at klimatilpasningstiltak ikkje nødvendigvis må koste mykje. Eit døme kan vere å bruke regulering for å hindre at eit myrområdet går til bustadutbygging. Forskarane peiker òg på at fleire kommunar kan dra nytte av å hauste erfaringar frå andre kommunar som har liknande utfordringar.