Kva slags løysingar kom årets Klimathon fram til? Det kan du finne ut 1. desember.
18. og 19. november 2020 deltok rundt 60 deltakarar på Klimathon. Dei som var med, jobbar i kommunar, fylkeskommunar, statlege etatar, forskingsinstitutt og interesseorganisasjonar. I to dagar samla dei seg om eit felles mål: å diskutere seg fram til nye idéar, løysingar og strategiar på problemstillingar knytt til klimatilpassing og klimarisiko.
Resultata frå Klimathon vil arrangørane gjerne dele med alle interesserte for å skape diskusjon og debatt rundt alt som Klimathon-deltakarane har utvikla i lag. Difor kjem det no ein del 2 av Klimathon2020 der alle kan delta.
Tysdag 1. desember frå kl. 10:00 til kl. 12:00 møtast alle som deltok eller vil vite meir, på ei nettside der gruppene sine resultat blir stilte ut i form av digitale plakatar. Du kan klikke på dei plakatane du er mest interessert i for å studere dei nærare.
- Under plakaten (og muligens gjennom ei lydfil) vil det gå an å stille spørsmål til gruppa og diskutere løysingane gruppene har lagt fram, forklarer Mathew Stiller-Reeve, ein av arrangørane.
- Ta gjerne kontakt med deltakarane om du òg vil vere med å jobbe med desse idéane. Bli inspirert og ver med i dialogen, oppmodar Stiller-Reeve.
Det digitale arrangementet 1. desember er ope for alle! Vi sjåast i kommentarfelta på denne sida: https://bit.ly/Klimathon2020del2
Klimathon2020 har fått finansiering frå Vestland fylkeskommune, Norce og Noradapt og vart arrangert i samarbeid med Bjerknessenteret og Senter for klima og energiomstilling (CET) ved Universitetet i Bergen, i tillegg til firmaet Konsulent Stiller-Reeve.