Handtering av ureina grunn må ta omsyn til klima og vasskvalitet  

Bannerfoto: Mattis Sandblad, Scanpix

– Vi må tenke langt nok fram når vi skal hindre at miljøgifter frå ureina grunn kjem på avvege, seier forskar Torunn Hønsi ved Vestlandsforsking.

Av Idun A. Husabø, kommunikasjonsansvarleg i Noradapt

Du ser lett for deg ein slik stad i utkanten av eit jorde, kanskje ned mot ei elv. Gamle bilvrak, tankar og tønner med faremerka innhald – halvt gløymde og halvt skjulte av høgt gras. Slike ulovlege deponi finst det mange av, truleg i kvar einaste kommune.

Kva skjer med innhaldet i desse kasserte bilbatteria den dagen stormfloa og uvêret kjem? Foto: Idun A. Husabø

Kva skjer med innhaldet i desse kasserte bilbatteria den dagen stormfloa og uvêret kjem? Foto: Idun A. Husabø

Å få den som eig grunnen eller avfallet til å rydde opp, er kommunane sin jobb. Men korleis dei går til verks er ikkje likegyldig.

Miljøgifter i vasskjelder

Oppryddingsarbeidet hastar meir no som klimaet går i retning av meir nedbør og kraftigare regn. Det betyr nemleg òg meir erosjon og fleire skadeflaumar.

Risikoen for at farlege stoff lek ut i vatn og spreier seg, er altså større enn før. Kjem dei farlege stoffa først ut i vasskjeldene våre, kan dei hamne i drikkevatnet vårt og gjere stor skade på dyr og planter.

Sidan miljøgifter blir overførte frå mindre til større organismar, vil dei til slutt hamne både på våre matfat og drikkeglas og truge vår eiga helse.

Tre fylke med

Eit nytt prosjekt med kortnamnet «Vannklimrisk» starta nyleg opp for fullt, og dei to forskingspartnarane er Vestlandsforsking og NTNU, ved Institutt for geografi. 22. oktober var 11 kommunar, vassområdekoordinatorar, tre fylkeskommunar og tre fylkesmannsembete samla til digitalt oppstartsmøte.

Ein kombinasjon av pandemi, kommunesamanslåing og regionreform har ført til at prosjektet som fekk oppstartsløyving i 2019, ikkje har fått starta opp før i haust. Ideen og initiativet kjem frå Torunn G. Hønsi ved Vestlandsforsking, som er toksikolog og forskar mellom anna på klimaendringar og miljøgifter.

Deltakarar i Vannklimrisk

  • NTNU Institutt for geografi
  • Vestfold og Telemark fylkeskommune
  • Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
  • Fylkesmannen i Trøndelag
  • Trøndelag fylkeskommune
  • Vestland fylkeskommune
  • Fylkesmannen i Vestland
  • Kommunane Tønsberg, Larvik, Sogndal, Vik, Høyanger, Solund, Gulen, Oppdal, Orkland, Tynset og Rennebu.

Finansieringa kjem frå RFF Vestlandet. Prosjekteigar er Vestland fylkeskommune, og vassregionkoordinator Merete Farstad har rolla som prosjektleiar.

Hjelp med opprydding

I prosjektet blir eit sentralt tema å hjelpe kommunane ved å utvikle nye forvaltningsverktøy. Verktøyet Miljøgiftkartleggaren, skal gjere det lettare å få kunnskap om miljøgifter og avdekke alle stadene i kommunen der det må vurderast oppryddingstiltak eller sikring av ureina grunn.

I tillegg skal forskarane utvikle ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) basert på geografiske informasjonssystem eller GIS. Denne skal hjelpe kommunar og andre til å vurdere om miljøgifter står i fare for å bli spreidde til vassmiljøet rundt som følgje av ulike klimapåverknader.

Kan fylka lære av kvarandre?

Forskarane skal også sjå på korleis arbeidet med klimatilpassing, ureining og vassforvaltning i dag er samordna, organisert og utført i dei tre fylka.

Eit viktig spørsmål er om fylka har noko å lære frå kvarandre og om ein greier å samordne alle gode krefter i desse fylka for å førebygge at miljøgifter skadar naturen når klimaet endrar seg.

– Planen er å prøve ut nye samhandlingsformer der også forskarar deltek, slik at ein kan styrke evna til å handtere dei komplekse utfordringane vassforvaltinga står overfor, fortel Hønsi.

Torunn G. Hønsi ved Vestlandsforsking er toksikolog. Vannklimrisk er hennar andre større prosjekt om miljøgifter og klimaendringar.

Torunn G. Hønsi ved Vestlandsforsking er toksikolog. Vannklimrisk er hennar andre større prosjekt om miljøgifter og klimaendringar.

 Må ta omsyn til klimautviklinga og vassforskrifta

Dette siste er viktig for Hønsi, som veit frå tidlegare yrkeserfaring og eiga forsking at det er krevjande for kommunane å jobbe med fleire kryssande og likestilte omsyn på same tid og få til godt samarbeid på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

– Vi vil legge opp verktøya på ein måte som gjer at kommunane får løyst ulike forvaltningsoppgåver samtidig. Det sikrar heilskap og effektiv ressursbruk for kommunane. Dei kartbaserte verktøya vi utviklar vil gjere det lettare å vurdere ureiningssituasjonar, sårbar natur, korleis klimaendringane vil slå ut for eit område og om vasskvaliteten kan bli påverka, seier Hønsi.  

Ulike løysingar

Målet er at kommunane lettare kan identifisere kva område ein bør overvake eller setje i verk tiltak i. I visse tilfelle kan omlegging av elveløpet attmed eit giftfunn vere vegen å gå, i staden for å fjerne dei farlege stoffa. Andre gonger kan fjerning av ureina massar eller erosjonssikring vere løysinga, slik at framtidige flaumar ikkje kan ta dei farlege stoffa med ut i elva og føre dei ut i sjøen.

– Det offentlege Norge har til no snakka lite om miljøgifter i samband med klimaendringar. No må vi trappe opp innsatsen, seier Hønsi. Ho er glad for å kunne gjennomføre eit prosjekt som har ein så konkret nytteverdi.

– Det vi utviklar vil gjere ein viktig del av det lokale miljøarbeidet enklare, og det vil gagne så å seie alle kommunar i landet, seier Hønsi.


nasjonale mål for Gis og ureining/klima

Innan 2025 skal Norge bli leiande i bruk av geografisk informasjon. Det slo regjeringa fast då dei lanserte den nasjonale geodata-strategien «Alt skjer et sted» i 2018. Vannklimrisk rettar seg inn mot tre av måla i geodata-strategien til regjeringa:

  • at kunnskapsgrunnlaget av geografisk informasjon skal dekke viktige samfunnsbehov

  • at teknologi og løysingar støttar opp under effektiv oppgåveløysing og opnar for ny bruk

  • å få til eit velfungerande samspel mellom offentlege og private aktørar om forvaltning, deling og innovasjon