2021

TransAdapt

Making trans-border climate change risks tangible for adaptation actions (TransAdapt)

Erfaringane med covid-19 har auka medvitet rundt grenseoverskridande klimarisiko, altså at det skjer noko ei eitt land som er knytt til klimaendringar, og at dette får ringverknader i heilt andre land. Dette er ein type risiko samfunnet òg må tilpasse seg til, i tillegg til “tradisjonell” klimarisiko.

Hovudmålet med prosjektet er å undersøke og vise korleis ein kan setje grenseoverskridande klimarisiko på dagsorden i det lokale og nasjonale arbeidet med klimatilpassing. Prosjektet har i tillegg fire delmål.

Fire av forskingspartnarane i Noradapt deltek i prosjektet: Nordlandsforskning, Cicero, Norce og Vestlandsforsking. I tillegg kjem Stockholm Environment Institute.

Delmål

  1. utvikle ein indikatorbasert ovanfra-og-ned-metode for å analysere grenseoverskridande klimarisiko på nasjonalt nivå

  2. demonstrere korleis ein kan analysere grenseoverskridande klimarisiko for spesifikke sektorar

  3. demonstrere korleis ein kan analysere risikoeigarskap langs og på tvers av verdikjeder og policynivå

  4. analysere styring på flere nivå, og på tvers av sektorar, for tilpassing til grenseoverskridande klimarisiko


STARTDATO: 01.12.2021

SLUTTDATO: 31.12.2025

FINANSIERT AV: Noradapt

Co-Adapt

Communities for Climate Change Action (Co-Adapt)

Målet for prosjektet er å utvikle eit medverknads-verktøy for klimaomstilling. Verktøyet skal legge til rette for klimatilpassing og utsleppsreduksjonar i byar i Polen.

Prosjektet ser på strategiar for å kome forbi barrierar for aktivitet og grasrot-deltaking, og vi legg vekt på å finne innovative design for anvendt forsking på klimaomstilling.

Prosjektet vil bidra til å styrke resiliens og integrere fleire i medverknadsprosessar i bysamfunn. Det kan styrke byane si evne til å omstille seg. Behovet for tilpassing til klimaendringar aukar, også i byane.

Verktøyet tek i bruk metodar som blir kalla «serious gaming» og vil opne for å eksperimentere med strategiar og løysingar på klimaproblema. Vi vil gjerne kome over det såkalla «motivasjonsgapet» i klimaomstillinga og skape eit breitt og stort engasjement for arbeid med klimaomstilling.


STARTDATO: 01.10.2021

SLUTTDATO:

FINANSIERT AV: NOREGS FORSKINGSRÅD

Gotheca

Frå feltarbeid ved Tystigbreen i Stryn i 2021. Foto: Yongmei Gong, NTNU geografi

Glacier impacts On The Hydrological systems in Europe and Central Asia (Gotheca)

Forskingsprosjektet Gotheca dreier seg om smeltevatnet som oppstår når klimaendringane får isbrear til å krympe. I korte trekk vil forskarane gjere det lettare å vite korleis vassføringa i områda rundt brear blir på ulike tidspunkt og om det er fare for jøkulhlaup.

Fjellkjeder blir ofte kalla “verdas vasstårn” fordi dei lagrar enorme mengder ferskvatn i form av snø og is og forsyner miljø og menneske med ferskvatn lengre nede i landskapet og vassdraga. Den globale oppvarminga får breane til å krympe og skapar ny naturfare som påverkar næringar som vasskraft og reiseliv i Europa.

Vassføringa blir ustabil

I tett folkesette område i Sentral-Asia gjer hyppige endringar i mengda smeltevatn frå snø og bre-is at både tilgangen på ferskvatn og vassføringa i elvar, varierer stort gjennom året. Dette har negativ innverknad på økosystemet, men òg på marknaden. Desse regionane er også truga av regelmessig flaum forårsaka av auka grad av smeltevatn og såkalte jøkulhlaup (eller GLOF - Glacier Lake Outburst Floods).

Verktøy i klimatilpassinga

Gotheca utviklar eit grundig skjema for risikovurdering for å kunne forutsjå kor mykje ferskvatn område nær isbrear vil ha tilgang på til ulike tider. Ein skal òg kunne forutsjå når det er fare for jøkulhlaup. Denne innsikta vil vere ein ressurs for lokale og regionale styresmakter i arbeidet med klimatilpassing.

Prosjektet kombinerer realfag og samfunnsvitskap med kommunikasjonsstrategiar for å nå ut til lokale aktørar og utvikle eit verktøy for risikoanalyse. Forskarane vil omsetje moderne, meir presise prognosar for ferskvasstilgang og jøkulhlaup til innverknad på samfunnet.

Bresmelting skapar sjøar av smeltevatn som kan utgjere ein risiko for jøkulhlaup. Denne sida ved klimaendringane krev tilpassing i lokalsamfunna rundt. Foto: Yongmei Gong, NTNU geografi

Bidrag til berekraftsmåla

Forskingsprosjektet vil dra nytte av lokalkunnskap for å overføre forskingsfunna sine til lokale interessentar og avgjerdstakarar slik at dei kan utforme tiltak. Dette vil hjelpe både velutvikla område og område som er under utvikling, som er direkte avhengige av smeltevatn for å nå FN sine berekraftsmål for ferskvassforvaltning.

To av Noradapt-partnarane

Forskingsprosjektet blir leia av NTNU (Institutt for geografi). I tillegg deltek forskarar frå Høgskulen på Vestlandet. Prosjektet har i tillegg andre partnarar som ikkje er knytte til Noradapt.

Besøk prosjektet si heimeside


Startdato: 1. 10. 2021

Sluttdato: 31.3. 2025

Finansiert av: Noregs forskingsråd og NTNU

Nordic perspectives on transboundary impacts of climate change

Prosjektet er ei utgreiing for Nordisk Råd om grenseoverskridande klimarisiko.

Hovedmålet med prosjektet er å betre forståinga av korleis grenseoverskridande konsekvensar av klimaendringar verkar inn på dei nordiske landene. Prosjektet skal òg peike på prioriterte sektorar og mogelege område for felles nordisk innsats.

Prosjektleiar: Kati Berninger, Tyrsky Consulting Ltd.


STARTDATO: 21.09.2021

SLUTTDATO: 01.05.2022

FINANSIERT AV: Nordisk ministerråd

Berekraftanalyse av klimatilpassing

Prosjektet skal lage ei berekraftanalyse for utvalde klimatilpassingstiltak som er relevante for Rogaland. Stavanger kommune er prosjekteigar, og Sintef leier prosjektet.

I prosjektet skal vi først kartlegge klimasårbarheita til kommunane i Rogaland. Denne kartlegginga vil utgjere grunnlaget for utvalet av klimatilpassingstiltaka som skal analyserast. Tekniske kriterium for klimatilpassingstiltaka skal beskrivast og talfestast.

Desse aktørane deltek i prosjektet:

Forsking:

  • Vestlandsforsking

  • SINTEF community

Kommunar/fylkeskommunar:

  • Sauda kommune

  • Sola kommune

  • Gjesdal kommune

  • Karmøy kommune

  • Hjelmeland kommune

  • Rogaland fylkeskommune

Næringsliv/konsulentselskap:

  • Asplan Viak AS

  • Faber Bygg AS

  • Sweco Norge AS

  • Skjæveland gruppen

I berekraftanalysane skal partnarane først definere kva for berekraftsmål dei ulike tiltaka skal bidra til å oppfylle. Desse måla skal dekke dimensjonane teknisk yting, økonomi, miljøvenlegheit, samsvar med regelverk og samfunnsnytte. Deretter skal ein i prosjektet definere kva for kriterium ein skal nytte for å måle måloppnåing for dei utvalde klimatilpassingstiltaka.

I neste steg skal vi utarbeide indikatorar som igjen skal brukast til å talfeste desse kriteria. På grunn av usikkerheit knytt til framtidas klima, vil scenario vere ein del av i analysen, og det er brukerpartnarane som bestemmer vektinga av dei ulike dimensjonane i scenarioanalysane. Denne trestegs-analysa - definere mål, kriterium og indikatorar - byggjer på eksisterande og pågåande studiar, og er ein iterativ prosess som krev sterk involvering av brukerpartnarar.

Partane, dvs. kommunane og andre interessentar, skal i fellesskap finne ut kva for mål og kriterium som er relevante for Rogaland, og finne ut kva som er tilgjengeleg av informasjon og data som kan gje verdi på indikatorane.

Det fjerde steget i analysen er å rangere dei ulike klimatilpassingstiltaka. Denne rangeringa vil gje kommunane eit grunnlag for å velje dei mest berekraftige kombinasjonane av klimatilpassingstiltak for å avbøte lokale sårbarheteit av ulike slag.

Kontaktperson i Sintef: Hanne Kvitsand

Kontaktperson i Stavanger kommune: Hugo Kind


STARTDATO: 01.08.2021

SLUTTDATO: 31.07.2024

FINANSIERT AV: Regionalt forskingsfond Rogaland

Barrierar for klimatilpassing på lokalt og regionalt nivå

CICERO, Nordlandsforskning og Vestlandsforsking skal på oppdrag frå Miljødirektoratet samanstille eksisterande kunnskap om barrierar for å nå det nasjonale målet om klimatilpassing og dagens verkemiddelapparat for klimatilpassing.

Kunnskapssamanstillinga skal innehalde ei avklaring av omgrepa “barrierar” og “verkemiddelapparat”. Vidare skal prosjektet lage ein oppdatert status for barrierar på lokalt og regionalt nivå gjennom ei brei involvering av relevante brukargrupper.

Prosjektet er leia av CICERO Senter for klimaforskning.


STARTDATO: 01.06.21

SLUTTDATO: 31.12.21

FINANSIERT AV: MILJØDIREKTORATET

Indikatorar for klimatilpassing av bygningar og infrastruktur i kommunar

Prosjektet skal vidareutvikle indikatorar for klimatilpassing i kommunar og tilpasse desse til Vestlandet.

Prosjektet vil byggje på eksisterande forsking, og vil primært vere ei vidareføring av prosjektet Indikatorer for måling av klimatilpasning av fysiske områder, bygninger og infrastruktur i små, mellomstore og store kommuner, som SINTEF utarbeider saman med Nettverk for klimatilpasning i Trøndelag.
Dette prosjektet byggjer igjen på MRE-modellen og indikatorar utvikla for reduksjon av klimagassutslepp i forskingssenteret ZEN. Aktiviteten vil òg gå parallelt med relevant arbeid innan klimatilpassing i forskingssenteret Klima 2050.

Partnarar i prosjektet

  • Vestlandsforsking

  • Sintef

  • Osterøy kommune

  • Sunnfjord kommune

  • Kvam Herad

  • Sogndal kommune

  • Fitjar kommune

  • Kinn kommune

  • Luster kommune

  • Trondheim kommune

  • Vestland fylkeskommune

Kommunane vil ha ulike utgangspunkt. Vi startar difor med å kartlegge kva kommunane har av ROS-analysar, kommuneplanar og klimaplanar (kommunedelplan for klima eller temaplan for klima). Deretter ser vi på kommunen sin analyse av klimasårbarheit. Dersom kommunane ikkje har utarbeidd slike dokument, vil utarbeiding av desse vere nyttig input til utviklinga av indikatorar og arbeidet med å gjere dei meir relevante for Vestlandet.

Vi vil vidare, ved hjelp av tilgjengelege data, utvikle eit sett med enkle indikatorar for klimatilpassing av bygningar og infrastruktur i kommunar. Vi vil ha søkelys på indikatorar som kan graderast og samanliknast på tvers av kommunar og over tid. Indikatorane skal òg skilje på aktørnivå og kor langt kommunane er komne i klimatilpassingsarbeidet. Vi skal teste indikatorane og utarbeide ein rettleiar i korleis ein brukar dei.

Vi ønskjer vidare å utvikle økonomiske indikatorar for klimatilpassing av bygningar og infrastruktur i kommunane. Dette inneber indikatorar for nytte- og kostnadsanalysar for investeringar der ein tek omsyn til forventa verknader av klimaendringar, og for budsjett-allokering til klimatilpassingstiltak. I tillegg ønskjer vi å utvikle indikatorar for klimatilpassing i drift, til dømes i form av vedlikehaldskostnader. Vi vil talfeste relevante indikatorar som ein del av prosjektet.


startdato: 01.05.2021

sluttdato: 30.04.2024

finansiert av: Regionale forskningsfond Vestland

Medverknadsmetodar for berekraftig klimatilpassing

For å sikre ei berekraftig utvikling i samfunnet, bør klimaomstilling og klimatilpassing vere godt integrert i regionale og lokale planprosessar. Samtidig er det behov for å mobilisere lokal kunnskap til dette arbeidet og å sikre god forståing og engasjement for klimatilpassingstiltak hos innbyggarar i kommunane.

Tidlegare kartleggingar har konkludert med at kommunar ofte har utfordringar med å tolke flaumdata, samtidig som at auka uvisse skapar nye utfordringar i ulike sektorar. Dette kan tyde på at det er behov for å utvikle eit breiare datagrunnlag og betre kommunikasjonsmetodar for risikovurderingar i lokale kontekstar.

Prøver ut metodar

I samarbeid med Vestland fylkeskommune, og med finansiering frå Forskingsrådet, skal Vestlandsforsking, Norce Klima og Institutt for geografi ved NTNU teste ut ulike medverknadsmetoder for datainnsamling, visualisering av klimakunnskap og deltaking i planprosessar. Dette skal skje i tre kommunar: Osterøy, Sunnfjord og Kinn, som også er med i prosjektet og som alle har behov for å styrke arbeidet med klimatilpassing.

Dette skal prosjektet utvikle:

  • medforskingsmetodar for å skape større engasjement og legitimitet til kunnskapsgrunnlaget som klimatilpassinga byggjer på

  • visualiserings- og formidlingsmetodar som gjer kunnskapen tilgjengeleg og relevant for innbyggjarar

  • deltakingsmetodar for å auke innbyggjarane sitt engasjementet i planprosessar

Innbyggjarar blir oppmoda til å registrere flaum- og overvasshendingar i ein app og dele vêrdata frå private målestasjonar. Foto: Institutt for geografi, NTNU

Folk kan dele eigne data

Medforskingsmetodar kallast gjerne «citizen science» på engelsk, og inneber at vanlege folk tek del i forskinga. I dette prosjektet vil innbyggjarane kunne bidra gjennom å ta i bruk ein smarttelefon-app for registrering av flaum og overvasshendingar. Dei kan også dele data frå sine private vêrstasjonar.

Ideén til prosjektet blei til under eit doktorgradskurs som Senter for klima- og energiomstilling (CET) ved Universitetet i Bergen heldt i samarbeid med Noradapt og andre partnarar hausten 2019. Der deltok medarbeidarar frå Vestland fylkeskommune, dei tre kommunane og fou-partnarar i prosjektet.

Prosjektet er leia av Vestland fylkeskommune, ved Lene Omdahl.


STARTDATO: 01.04.2021

SLUTTDATO: 01.04.2024

FINANSIERT AV: Norges forskningsråd