Korleis drive fram klimaomstilling i ei uroleg tid? Det er hovudspørsmålet i årets utgåve av Klimaomstillingskonferansen, som finn stad i Sogndal 21.-22. september.
Verda er prega av stor uro for tida, og 2026 er med god grunn utnemnt til Totalberedskapsåret. Samstundes har vi ei klima- og naturkrise som forsterkar desse utfordringane.
I år vil vi løfte fram korleis ein halde fram i arbeidet med klima- og naturkrisa når mykje av samfunnet si merksemd er retta mot tryggleik og beredskap.
21. september er temaet klimatilpassing. Vi får eit glimt av dei nye klimaframskrivingane frå Norsk klimaservicesenter og aktuelle innlegg om den sivile beredskapen i Norge. Nytt av i år er at vi inviterer alle forskingsmiljø i Noreg til å legge fram nytt frå forskinga på klimatilpassing.
Her kan du sende inn abstract (kort omtale av det du vil presentere)
22. september vert tema utsleppskutt. Kommunar og næringsliv har framleis ein stor jobb framfor seg. Korleis kan dei halde fram med å gjere sin del av den nødvendige omstillinga vår til eit samfunn med låge utslepp av klimagassar?
Fram til 15. mai får du spesialpris (earlybird). Meld deg på her!

