Kommunerangering lagt merke til i Brussel

Noradapt si rangering av tilpassingsarbeidet i norske kommunar er lagt merke til av EU-systemet sitt organ for klimatilpassing.

I august lanserte Noradapt ei ny kommunerangering som viser kor alle norske kommunar står når det gjeld tilpassing til klimaendingar. Noradapt har samla data både om endringane vi kan forvente i klima og i samfunnet vårt. Dette har forskarane sett i samanheng med innsatsen i kvar kommune for å førebu seg på klimaendringane. Til saman gir det eit bilete av den samla klimarisikoen for kommunane i framtida.

– Rangeringa er den første nokosinne som ser klimaendringane og samfunnsendringane i samanheng på denne måten, sa stipendiat Torbjørn Selseng frå Vestlandsforsking under lanseringa på Arendalsuka i august. Det rangeringa viste, fekk mykje merksemd i norske aviser.

Torbjørn Selseng la fram kommunerangeringa på eit arrangement under Arendalsuka. Foto: Carlo Aall

Omtalt på klimatilpassingsside

Det er dette materialet EU sitt organ for klimatilpassing, Climate-ADAPT eller the European Climate Adaptation Platform, har fatta interesse for, og ein omtale av kommunerangeringa ligg no ute på nettsida til Climate-ADAPT.

Fleire frå Noradapt møtte Kati Mattern frå det europeiske miljøbyrået i Reykjavik i april under konferansen NOCCA 2023. Mattern er engasjert i klimatilpassing og viste stor interesse for Noradapt og Norsk klimamonitor.

Deler informasjon på fleire språk

Climate-ADAPT er ein partnarskap mellom EU-kommisjonen og det europeiske miljøbyrået, EEA. Ein viktig del av mandatet er å bidra til å dele informasjon og data knytt til klimatilpassing, førebels på fem av språka i EU-landa. Organet byggjer opp ein database med kvalitetssikra informasjon som skal vere lett å finne fram i.

Torbjørn Selseng har stått for arbeidet med den indikatorbaserte kommunerangeringa saman med kollega Carlo Aall frå Vestlandsforsking og Jan Ketil Rød frå Institutt for geografi ved NTNU. Her kan du sjå resultatet og lese kva data som er brukt og kva materialet kan nyttast til.