Kronikk: "Klimarisiko i byene"

Tarje I. Wanvik, forskingsleiar ved NORCE, skriv i Agenda Magasin 25. mars at klimatiltak har ein tendens til å forsterke dei ulikskapane som alt finst i samfunnet. Konfliktane rundt tiltaka aukar merksemda rundt desse skilnadene, og skapar ein offentleg samtale om korleis klimatiltaka slår ut for ulike grupper i samfunnet. Det kan òg innlemme nye grupper i den politiske samtalen, skriv Wanvik.

Teksten er eit bidrag i spalta «Akademisk agenda», der norske og utanlandske forskarar skriv om forsking og framtida.