Nasjonal transportplan burde ta inn over seg at verda står midt i to kriser: ei naturkrise og ei klimakrise. I begge tilfelle er det ein dårleg idé å halde fram med å forsyne seg av naturområde til vegbygging, skriv forskarane bak denne kronikken frå spalta “Fagleg snakka “ i Nationen 31. mars 2021.
Tara Botnen Holm, Torbjørn Selseng (begge tilknytt Noradapt og Vestlandsforsking) er to av forskarane bak kronikken. I tillegg kjem Hans Jakob Walnum (også Vestlandsforsking) og Knut Rydgren, professor ved Høgskulen på Vestlandet.