Kvifor seier klimameldinga ikkje noko om korleis vi skal handtera dei endringane som vi veit kjem? Enno ein gong står klimatilpassing fram som «vetlebror» i klimaarbeidet som framleis må greie seg med den eine stortingsmeldinga, som er noko utgått på dato, medan «storebror» får sin tiande stortingsmelding frå klima og miljødepartementet. Vi risikerer å betale dyrt for denne unnlatinga, etter kvart som arbeidet med å kutte klimagassutslepp blir strammare, ved at klimatiltak aukar sårbarheita for dei klimaendringane som diverre vil ramma samfunnet uansett kor raskt vi greier å få ned utsleppa.