Noradapt lanserer Norsk klimamonitor

Norsk klimamonitor blir lansert 13. desember 2021 i Sogndal. Målet med tenesta er å gje eit oppdatert, samla bilete av samfunnet si tilpassing til klimaendringar. Bak nyvinninga står landets fremste fagmiljø innan berekraftig klimatilpassing, Noradapt.

Forskar Torbjørn Selseng ved Vestlandsforsking er prosjektleiar for Norsk klimamonitor, tenesta Noradapt lanserer13. desember 2021. Her frå Forskingsdagane i Sogndal i september 2021. (Foto: Idun A. Husabø)

Norsk klimamonitor er ei heilt ny teneste som i form av korte, informative oppslag og datasett, gir innblikk i korleis det går med tilpassinga til klimaendringar i ulike delar av det norske samfunnet.

Lanseringa av nettstaden klimamonitor.no skjer 13. desember 2021, etter eit forprosjekt på rundt eitt år.

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Aleksander Øren Heen (Sp). (Foto: Ragne B. Lysaker)

statssekretær til lanseringa

Blant gjestene på lanseringa i Sogndal er statssekretær Aleksander Øren Heen i Klima- og miljødepartementet.

Fleire av dei involverte forskarane i Noradapt held òg innlegg om førebelse funn knytt til ulike samfunnssektorar. Professor Sirkku Juhola ved Universitetet i Helsinki, leiar for Noradapt sitt internasjonale vitskapsråd, trekkjer liner til klimatilpassing i andre land.

Noradapt har òg spurt ein del av dei framtidige brukarane av Norsk klimamonitor om å gje ein kort kommentar.




Følg Norsk klimamonitor på Twitter!

@klimamonitor_no