Digitalt lunsjforedrag hos CET

Leiar i Noradapt, Carlo Aall, er gjest i Senter for klima og energiomstilling (CET) sin serie med lunsjforedrag 15. april. Lunsjseminara har vore digitale sidan midten av mars, og Carlo kjem til å delta frå heimekontoret sitt på Leikanger.

Kva skjer med klimasårbarheit når samfunnet vårt har gått frå å vere basert på fossil energi til å vere basert utelukkande på fornybar energi? Mykje av den fornybare energien blir produsert av "vêr" i form av regn og vind. Delar av den fornybare energien let seg vanskeleg transportere, som jord- og fjordvarme. Korleis påverkar dette samfunnet si eksponering for klimaendringar? 

KLIMASÅRBARHEIT BLIR SJELDAN VURDERT

Det europeiske miljøbyrået, EEA, la i 2019 fram rapporten «Adaptation challenges and opportunities for the European energy system. Building a climate‑resilient low‑carbon energy system».

EEA peiker på at de fleste europeiske land har vurdert energisektoren i sine nasjonale analysar av klimasårbarheit og klimatilpassing, medan spørsmålet om klimasårbarhet i liten grad er vurdert i nasjonale energiplanar og -strategiar. 

Kunnskapsgjennomgang PÅ VEG

Nyleg la NVE fram ein analyse av kraftproduksjonen i Norden fram mot 2040. Her nemner dei konsekvensar av klimaendringar, men i hovudsak er det ramma inn som eit spørsmål om kor mykje potensialet for vasskraftproduksjon kan komme til å auke.

På bakgrunn av dette, har Noradapt sett av pengar til å gjere ein internasjonal kunnskapsgjennomgang på dette området.

Høyr foredraget!

Tankar omkring desse spørsmåla, og ein invitasjon til å bidra til ein vitskapleg artikkel om temaet, blir lagt fram av Carlo Aall i føredraget onsdag. Aall er leiar av Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt), der Senter for klima og energiomstilling (CET) er med som partnar.

Det digitale lunsjforedraget er på engelsk. For å delta, brukar du denne lenkja: https://uib.zoom.us/j/403044937.

Tidspunkt: onsdag 15. april kl. 12.15 - 13.00 (du kan kople deg opp frå kl. 12 av).