Når krig pregar nyheitsbiletet, korleis kan vi rydde plass til klimaomstillinga? – Vi er ute etter dei langsiktige løysingane framfor dei kortsiktige, seier Marta K. Jansen ved Vestlandsforsking. 21.-22. september samlar Klimaomstillingskonferansen 2026 folk frå ulike sider av klimaarbeidet.
Den katastrofale brannen i Krokstadelva, tørken i Storbritannia og skogbrannane i Spania, Frankrike og andre land, har hylla sommaren 2026 i eit teppe av røyk, hete og uro for kva klimaendringane kan føre til av ukontrollerbare brannar.
Sjølv om det oftast er nedbør og flaum som skapar problem i Norge, må vi ha både tørke og store brannar på radaren i klimaomstillinga.
Koordinator Marta K. Jansen (til venstre) og direktør Anne Karin Hamre er stolte av å kunne invitere til nok ein klimaomstillingskonferanse i Sogndal.
– Konferansen er ein viktig arena for å møtast på tvers av sektorar for å snakke om dei alvorlege truslane klimaendringane inneber for samfunnet vårt, særleg på det lokale planet, sidan kommunane er krumtappen i klimatilpassing, seier Hamre. Foto: Idun A. Husabø
Toppfoto: Thomas Barsnes, Unsplash
Meir enn brannsløkking
«Kan vi få megabrannar i Norge òg? Ja, kanskje», titulerte Carlo Aall ein kronikk på Forskning.no 30. juli. Aall, som er senterleiar i Noradapt og forskar ved Vestlandsforsking, understrekar at det er summen av endringar i samfunnet og klimaendringane som aukar klimarisikoen. At det også gjeld for brann, har han understreka i media denne sommaren.
Gir EU skylda for megabrannene (Dagbladet)
Derfor ble tømmerskogen en brannbombe (NRK)
Fryktar for brann i dei vestlandske skogar (Nationen)
Kan få mega-skogbranner også i Norge (Nettavisen)
– Når vi skal redusere faren for nye brannar, må vi snakke meir om korleis vi driv skogbruk enn om sjølve brannsløkkinga. Vi må over på omstilling, seier Aall, og siktar til "meir traurige tema", som å ta att etterslep i vedlikehald av skog og avrenning.
– Og ikkje minst: vi må halde oppe innsatsen for å kutte klimagassutslepp.
Nye kommunereprofilar viser klimaet der du bur
21.-22. september samlar Klimaomstillingskonferansen 2026 folk frå ulike sider av klimaarbeidet til to dagar med utvekslingar om aktuelle tema, nye forskingsfunn og faglege problemstillingar i Sogndal.
Marie Pontoppidan i Norce er ein del av Noradapt og deltek med innlegg på konferansen i september. Foto: Norce
Her får deltakarane eit innblikk i eit heilt nytt verktøy norske kommunar har etterspurt sidan klimatilpassing først kom på dagsorden for 15-20 år sidan, fortel koordinator Marta K. Jansen fråVestlandsforsking.
– Lansering av dei aller første kommunevise klimaprofilane er blant det mest spennande som skjer på årets konferanse. No kan kommunane endeleg sjå i større detalj kva klima kvar enkelt kommune kan forvente, seier Jansen. Det er Kristine Garvin frå Meteorologisk institutt som presenterer dei nye profilane som skal gjere klimainformasjonen meir handterleg og relevant for lokalsamfunna.
Gratis for kommunar å delta
Nyleg blei det kringkasta at Vestland fylkeskommune spanderer deltaking på alle kommunane i fylket. – Over tid har både kommunar og fylkeskommunar fått mange klimarelaterte oppgåver. Det er både spennande og utfordrande, men også et fagfelt der det skjer mykje. Vi ynskjer å dekke deltaking for å gjere det lettare for kommunane å møte kvarandre, møte forskarar og høyre korleis ulike etatar og verksemder jobbar med klimaomstilling, seier May-Britt Nesje Hernes i Vestland fylkeskommune, som er seksjonsleiar for plan, klima og analyse.
Tilbodet gjeld to personar, og Jansen håpar mange nyttar sjansen, sidan mykje av programmet er matnyttig.
– Det er jo i kommunane den viktigaste delen av arbeidet med klimatilpassing skjer, poengterer ho. Arrangørane oppmodar alle om å melde seg på.
– Fristen for påmelding er 31. august, så her er det berre å hive seg rundt.
Meir tørke vår og sommar
Kommuneprofilane vil gjenspegle at tørkefaren aukar mange stader i landet, særleg vår og sommar. Det går òg fram av det nylig oppdaterte kunnskapsgrunnlaget for klimatilpasning, som er utvikla av Norsk klimaservicesenter.
– Høgare temperaturar aukar fordampninga, og det vil føre til meir tørke i framtida. Saman med eventuelle endringar i nedbørsmønster, kan Norge oppleve lengre periodar utan særleg mykje nedbør, slik vi har sett også i sommar, seier Marie Pontoppidan i Norce. Ho held eitt av innlegga første dag av konferansen.
I kunnskapsgrunnlaget går vi inn på kva vi må førebu oss på med tanke på tørke og veldig våte dagar, som norske kommunar jo har hatt mest problem med til no, seier Marie Pontoppidan.
– På konferansen tek vi opp korleis naturen faktisk kan styrke oss i klimatilpassinga, viss vi berre tek godt nok vare på han. Her er vi ute etter dei langsiktige løysingane framfor dei kortsiktige, seier Marta K. Jansen.
Fluge på veggen under beredskapsøving
Halvor Dannevigved Vestlandsforsking, har vore medlem av regjeringa sitt ekspertutval for samfunnsøkonomiske kostnader av klimaendringar. Utvalsleiar Ingrid Hjort legg fram tal og tilrådingar på konferansen. Foto: Tore F. Lie
I "Totalforsvarets år" er det berre naturleg at konferansen omfattar ei nokså realistisk beredskapsøving. Den første dagen av konferansen skal Statsforvaltaren i Vestland demonstrere korleis dei øver saman med kommunane.
Arrangørane har kalla denne programposten eit "seminar om beredskap for klimafarar" og lovar gjennomgang av nyttige verktøy knytt til arealplanlegging, med mål om å redusere risiko. Til saman vil dette styrke kommunane sin kunnskap om langsiktig og akutt trygging av lokalsamfunn mot klimafarar, trur dei som har planlagt seminaret.
– Dette er ei gåvepakke til kommunetilsette og politikarar som har auge for samfunnsutvikling, for å auke kunnskapen sin om klimaomstilling, seier Jansen.
Samarbeid mellom offentleg og privat sektor om klimatilpassing er eit anna tema konferansen kjem inn på. Klimapartner Vestland, PwC og Noradapt skal halde eit live-webinar om temaet.
– For å få til ei reell tilpassing til klimaendringane, må ein samarbeide. Det er knapt grenser for kva vi kan oppnå viss forvaltinga og næringslivet jobbar i lag for å redusere risiko, seier Jansen.
Arrangørane av konferansen er Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune, Vestlandsforsking, Noradapt (Norsk senter for berekraftig klimatilpassing), Høgskulen på Vestlandet, Norce, Klimapartnere, KS og Kartverket.

