Første doktorgrad i Noradapt

Klimatilpassingssenteret Noradapt har fått sin første doktorgrad. Torbjørn Selseng ved Vestlandsforsking disputerte for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet 3. november. Avhandlinga er ein grundig og nyskapande analyse av lokal klimatilpassing.

Torbjørn har jobba ved Vestlandsforsking i sju år med prosjektarbeid innan lokal klimatilpassing. Etter å ha følgt eit nytt ph.d.-program ved Høgskulen på Vestlandet, har han fullført ei avhandling om kva som har hindra kommunane i å kome lengre med klimatilpassing.

Utvatna tilpassing

Sidan tilpassing til klimaendringar vart eit omgrep og fagfelt, har lokal forvalting over heile verda følgt ein modell kalla «mainstreaming». Ideen er at kvar sektor tek sin del av jobben for å sikre samfunnet mot konsekvensane av klimaendringane; alle har ansvar for si eiga tilpassing. 

Denne måten å jobbe på, å integrere klimaomsyna i eksisterande prosessar og planar, er meint å gi store fordelar samanlikna med alternativet – å opprette eigne klimatilpassingsavdelingar i kommunane og la dei ta seg av alt. Mainstreaming skal skape synergiar, handtere målkonfliktar, betre ressursbruken, stimulere til innovasjon og styrke grunngjevinga for å handle. Men Torbjørn er kritisk, etter fleire års forsking på feltet.

I kommisjonen sat professor Scott Bremer ved Universitetet i Bergen, førsteamanuensis Saurabh Arora frå University of Sussex i Storbritannia og førsteamanuensis Marte Lange Vik ved Høgskulen på Vestlandet.

– Etter to tiår med mainstreaming i lokal forvalting, er dommen klar: det finst få bevis for at denne måten å organisere klimatilpassing på har ført til styrka innsats i det heile. I staden finn forskinga at mainstreaming er med på å utvatne klimatilpassinga og å reprodusere risikoar og utilstrekkelege praksisar, seier Torbjørn Selseng.

Vender merksemda mot språk

KORT OM DOKTORGRADEN

  • Torbjørn Selseng er fødd i 1990 og kjem frå Sogndal

  • Forskar ved Vestlandsforsking sidan 2019

  • Viktig rolle i Noradapt og i oppbygginga av tenesta Norsk klimamonitor: klimamonitor.no 

  • Tittel på ph.d.-avhandlinga: “Acknowledging Interiority in Local Government Climate Change Adaptation: From Monologic to Dialogic Governance”.

  • Ph.d.-program: Responsible Innovation and Regional Development (RESINNREG) ved Høgskulen på Vestlandet

I avhandlinga han forsvarte 3. november, forsøker Torbjørn å svare på kvifor det har blitt sånn. Svaret finn han mellom anna hjå den russiske språkfilosofen Mikhail Bakhtin og dialog-omgrepet som han utvikla på 1920-talet. Bakhtin skil grovt sett mellom to måtar å snakke saman på, dialogen og monologen. Dialog er ein definerande karakteristikk ved det menneskelege. Eit individ i dialog, ifølgje Bakhtin, utrykkjer si «sjel, ånd, med heile sin kropp og sine gjerningar». 

Når vi kommuniserer, mettar vi språket med meiningar og kontekst. Språket vårt er aldri nøytralt. Dette er måten me snakkar på, men dette er òg grunnen til at vi snakkar: for tilknyting, for å vise verdssynet vårt, etikken og medvitet, og for å bli sett og forstått, forklarer Torbjørn. 

– Monolog er det motsette. Det er einetalen som undertrykker «sjølvet» til andre, og gir dei du snakkar med ei kjensle av å ikkje eksistere, forklarer Torbjørn.

 

Enda opp med å kjempe om ressursane

Diagnosen hans er at mainstreaming har plassert fokuset på heilt feil stad. Modellen seier at klimatilpassing skal integrerast over alt, utan å seie noko om korleis. 

– Denne manglande problematiseringa av korleis ulik kunnskap kan brukast, og korleis den skal møte andre typar kunnskap, fører til at dei ulike sektorane endar opp med å kjempe om definisjonsmakta og ressursane, i staden for å løyse problema i lag, seier Torbjørn. 

Han meiner dette skuldast eit grunnsyn der det finst éin korrekt type kunnskap og éi forståing som kan integrerast over alt.

– Det er den monologiske tilnærminga, og det er den som ikkje fungerer.

Må innsjå at det finst mange forståingar

Torbjørn legg vekt på at klimatilpassing, til liks med det meste i verda, blir forstått ulikt blant ulike folk, kulturar og disiplinar. Det skiftar dermed form og innhald etter ulike truslar, sårbarheit og eksponering, og etter institusjonell, sosioøkonomisk og kulturell kontekst. 

– Den einaste måten mainstreaming kan lukkast på, og i forlenginga klimatilpassinga av samfunnet, er gjennom ei dialogisk tilnærming, altså ei djup anerkjenning av at det finst eit mangfald av forståingar, seier han.

I avhandlinga utviklar Selseng praktiske rammeverk som kan nyttast til å gjennomføre dette skiftet. 

– Rammeverka utvidar merksemda frå eit fåfengt, isolert søk etter dei mest korrekte løysingane, det objektivt «sanne», til det som er subjektivt «vakkert» og normativt «godt», seier han.

Torbjørn Selseng stilte i sognedrakt på disputasdagen. Foto: Idun A. Husabø

Fann stad i Sogndal

Det er ved Høgskulen på Vestlandet Torbjørn har vore ph.d.-student, og det var der disputasen fann stad.

Rettleiarane til Torbjørn kjem både frå HVL og frå Vestlandsforsking, der han er tillsett. Førsteamanuensis Bente Johnsen Rygg var hovudrettleiar, medan forskingsleiar og leiande seniorforskar Halvor Dannevig delte rolla som birettleiar med leiande seniorforskar og professor Carlo Aall. 

I kommisjonen som vurderte avhandlinga til Torbjørn og spurde han ut, var leia av Marte Lange Vik frå HVL. Opponentane var professor Scott Bremer ved Universitetet i Bergen og førsteamanuensis Saurabh Arora frå University of Sussex i Storbritannia. Tarald Seldal leia disputasen.

Etterpå venta ei mottaking og ein fest i lokala til Vestlandsforsking, med lovord, gåver og god mat.

Les meir om disputasen 3. november