Høyringsinnspel: - Styrk rolla til kommunar og fylkeskommunar

Noradapt, ved senterleiar Carlo Aall i Vestlandsforsking, har levert eit innspelsnotat til regjeringa sitt ekspertutval for klimatilpassing.

Noradapt har gitt eit tydeleg innspel til regjeringa sitt ekspertutval for klimatilpassing om å styrke rolla til kommunar og fylkeskommunar i dette arbeidet.

Regjeringas ekspertutval for klimatilpasning gjennomførte 11. desember 2025 eit innspelsmøte. Noradapt innleidde møtet med eit innspel som tok utgangspunkt i tre forhold:

  1. den sentrale rolla kommunar og fylkeskommunar har fått klimatilpassingspolitikken

  2. viktigheita av å legge større vekt på rolla desse har som samfunnsutviklarar

  3. viktigheita av å legge til grunn rammeverket for å forstå og beskrive klimarisiko som brukast av FNs klimapanel

Innspelet kan du lese fullversjonen av her. Det kan samanfattast slik:

1) Risikobildet vil endre seg frå klimarisiko knytt til ekstremvêr og naturfare til aukande problem knytt til:

  • gradvise endringar og økosystemeffektar

  • konsekvensar i Norge av klimaendringar i andre land

  • omstillingsrisiko utløyst av ein mer ambisiøs utsleppspolitikk som ikkje kan reduserast gjennom utsleppsreduserande tiltak av aktørar som blir råka av denne typen risiko

2) Hindringar for klimatilpassing på desse områda:

  • For dei konvensjonelle ekstremvêr- og naturfarerelaterte formene for klimarisiko, er dei viktigaste barrierane for små økonomiske ressursar og for låg administrativ kapasitet i kommunar og fylkeskommunar

  • For dei nye formene for klimarisiko, er kunnskapsmangel om korleis risikoane artar seg, og riskoeigarskap, dei viktigaste barrierane

3) Tiltaka og endringane som er viktigast for å tilpasse norske kommunar og fylke til framtidige klimaendringar:

  • Vesentleg styrking av statleg økonomisk støtte til «beskyttande tiltak» mot vêrrelaterte naturskadehendingar frå overvatn, flaum, skred og tørke – på lengre sikt også skade frå havnivåstiging

  • Auke administrative ressursar til klimatilpassing i kommunane og fylkeskommunane for slik å styrke rolla deira som samfunnsutviklarar; det siste særleg med tanke på kor viktig det er at fylkeskommunane støttar kommunar som er store i areal og små i innbyggartal

  • Setje i verk Stortingets to anmodningsvedtak om eit kompetanseprogram for kommunesektoren og etablering av regionale klimatilpassingsnettverk

  • Auke langsiktigheita i klimapolitikken forbi år 2100 og inkludere vurderingar kring moglege vippepunkt-hendingar i nasjonale analysar av klimasårbarheit og klimarisiko

4) Tilgang til data, insentiv, kunnskap og metodar for å vurdere økonomiske konsekvensar av klimaendringar:

  • Styrke forskinga på klimatilpassing ved å auke andelen av den samla forskinga på fornybar energi, energiomstilling og klima frå dagens sju prosent

  • Etablere ei senterordning for klima som inkluderer både utslepps- og tilpassingsdelen av klimaarbeidet, etter modell av eksisterande ordningar for tematisk innretta forskingssenter innan petroleum, fornybar energi, kunstig intelligens og transport