Nytt verktøy viser status for klimatilpassing i heile landet

Noradapt har utvikla eit nytt verktøy som viser kor langt ein har kome i arbeidet med klimatilpassing i i ulike delar av samfunnet. Tenesta blir lagt fram på den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2024 i Sogndal 23. april.

Dei nye fylkesprofilane viser status for arbeidet med klimatilpassing i fem ulike delar av samfunnet: i fylkeskommunen, hjå statsforvaltaren, i kommunane, blant innbyggjarar og i landbruket, og dataa er organisert fylkesvis.

korleis ligg vi an?

Tenesta er utvikla som eit verktøy forvaltninga kan nytte seg av i sitt arbeid for å tilpasse seg dei komande klimaendringane. Slik vil dei kunne vurdere kor langt dei har kome og korleis dei ligg an i forhold til andre aktørar dei kan samanlikne seg med.

- Verktøyet seier noko om korleis ulike grupper i samfunnet oppfattar klimaendringane, kor stor innsats dei legg inn for å tilpasse seg og kor heilskapleg dei arbeider med klimatilpassing, seier forskar Torbjørn Selseng ved Vestlandsforsking.

Tenesta seier óg noko om korleis dei ulike forvaltningsorgana organiserer arbeidet sitt med klimatilpassing.

Sjå fylkesprofilane her

Torbjørn Selseng og Bror Kristian Tandberg har utvikla fylkesprofilar som viser status for arbeidet med klimatilpassing. Verktøyet tar for seg klimatilpassinga blant fem ulike grupper i samfunnet: fylkeskommunen, statsforvaltaren, kommunane, blant innbyggjarar og i landbruket. Foto: Idun A. Husabø

spennande data

Bror Kristian Tandberg legg fram nyvinninga på konferansen #Klimaomstilling2024 i Sogndal 23. april. Han håpar særleg tenesta er nyttig for dei som arbeidar i kommunar og fylkeskommunar, men det viktigste for han er at tenesta blir brukt. Tenesta er open og tilgjengeleg for alle, og det ligg mykje interessant talmateriale der.

- Ikkje gløym å gå inn i sjølve datasettet og sjå på alt som ligg der. Det vi har plukka ut i fylkesprofilane er berre ein liten del av alt materialet vi har samla inn og organisert, seier Bror.

Fire spørjeundersøkingar

Forskarane Bror Tandberg og Torbjørn Selseng ved Vestlandsforsking har samarbeidd om å få på plass verktøyet. Det er utvikla ut frå fire ulike spørjeundersøkingar, alle utførte av Noradapt-prosjektet Norsk Klimamonitor.

 - Det er ein etterspurnad i forvaltninga etter betre data på korleis det går i arbeidet med klimatilpassing, seier Torbjørn Selseng, som for tida tek ein ph.d. om berekraftig klimatilpassing i kommunane.

Faksimile av Vestland fylke sin fylkesprofil på nettsida til Norsk Klimamonitor

Bror fortel at Vestland fylkeskommune kjem veldig godt ut samanlikna med dei andre fylkeskommunane på klimatilpassing.

- Ein skulle nesten tru vi hadde «rigga» tala for Vestland fylkeskommune, no som vi presenterar dei på deira konferanse. Det har vi altså ikkje, men det er kanskje heller ikkje heilt tilfeldig at dei kjem godt ut av undersøkinga.

Bannerfoto (øvst) frå ekstremvêret “Hans”: Synnøve S. Beitnes