Sjå bileta frå Klimaomstilling 2023

3. og 4. mai 2023 arrangerte vi konferansen Klimaomstilling 2023 i Sogndal i lag med samarbeidspartnarar i Vestland fylke. Dette var den åttande utgåva av konferansen, som har eit nasjonalt fokus. Den er tverrfagleg, meint for eit breitt publikum og famnar både arbeid med utsleppsreduksjon og tilpassing til klimaendringar.

I 2023 hadde vi 160 deltakarar og flotte rammer, med strålande sol. Her kan du sjå bilete frå dei to dagane i Sogndal (foto: Idun A. Husabø og Kyrre Groven).