I prosjektet Unchain, som Vestlandsforsking leier, har partnarane gjennomført elleve caseanalysar i sju land. Eit viktig resultat av samarbeidet er ein ny metodikk for å analysere fysisk klimarisiko.
Landa som har vore representerte i Unchain er Norge, Nederland, Tyskland, Spania, Austerrike, Sverige og Frankrike.
Unchain står for "Unpacking climate impact CHAINs. A new generation of action – and user-oriented climate change risk assessments". Prosjektnamnet viser òg til metodikken som har stått sentralt i arbeidet, verknadskjede-analyse eller på engelsk, impact chain analysis. Eit viktig trekk med metodikken er at ein tek med både klimaendringar og samfunnsendringar i analysen av lokal, fysisk klimrisiko. Metoden legg òg stor vekt på å trekke med såkalla “brukarar”, det vil seie alt frå vanlege innbyggarar til bønder eller brannfolk.
Råd til avgjerdstakarar
I 2023 blir prosjektet avslutta med eit policy-notat som samanfattar policyrelevante innsikter frå prosjektet og tilrådingar til ulike myndighetsnivå om korleis ein kan forbetre måten å analysere den fysiske klimarisikoen på. Dette skal prosjektleiar Carlo Aall presentere på den sjette europeiske klimatilpassingskonferansen i Irland 19.-21. juni 2023.
Råda til avgjerdstakarar og myndigheiter kan oppsummerast i desse fem punkta:
Bruke «verknadskjede-rammeverket» («Impact Chain») til å analysere fysisk klimarisiko
Bruke tilnærminga «reflektere-så-handle» heller enn den tradisjonelle «forutseie-så-handle» til klimausikkerheit
Alltid ta med samfunnsendring, ikkje berre klimaendring, ved vurdering av fysisk klimarisiko
Utvikle metodar og datasett for vurdering av grenseoverskridande klimarisiko i vurdering av den tradisjonelle ‘lokale’ formen for fysisk klimarisiko
Legge større vekt på medverknad, altså å involvere ulike typar brukarar, ved vurdering av fysisk klimarisiko
Policynotatet er utgitt av Stockholm Environment Institute, som er ein av partnarane i Unchain.