Kva kommune vil klare seg best i møte med klimaendringane?

Og kven vil få mest trøbbel? Det har Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt) funne ut. Under Arendalsuka vil dei avsløre rangeringa.

Klimaet er i endring og konsekvensane rammar heile samfunnet. Korleis er landets 356 kommunar rusta i møtet med utfordringane som kjem?

Det har forskarane ved Noradapt funne ut av, blant anna gjennom prosjektet "Norsk klimamonitor", som sidan 2021 har samla inn data om klimatilpassing frå alle delar av samfunnet i heile Noreg.

— Kva kommune gjer mest for å tilpasse seg klimaendringane? Og kven kjem til å kjenne mest på endringar som meir flaum, regn og råteskade? spør Torbjørn Selseng, som er forskar ved Vestlandsforsking og leiar for Norsk klimamonitor.

— Vi har rangert så godt som alle norske kommunar etter kor flinke dei er, kva føresetnader dei har og kor hardt ramma dei vert i framtida, og gler oss til å avsløre lista under Arendalsuka.

Leiar for Norsk klimamonitor, Torbjørn Selseng. Foto: Endre Hilleren

VANSKELEG Å MÅLE
Medan det har vist seg vanskeleg å få klimatilpassing på den nasjonale dagsorden, har mange kommunar jobba med saken sidan 2000-talet.

— Kommunane har vore ein pådrivar i arbeidet med klimatilpassing. Sjølv om vi enno er i ein tidleg fase i Noreg, er vi godt på veg samanlikna med mange andre land, seier Selseng.

— Internasjonalt er det stort sett millionbyar som driv med klimatilpassing, mens resten gjer lite. I Norge er det òg strekk i laget, men vi har fått med oss breidda i større grad.

Nokre kommunar har gjort mykje og andre lite. Men korleis måler ein eigentleg klimatilpassing?

— Det er vanskeleg å måle kor godt klimatilpassingsarbeidet er fordi det er eit bevegeleg mål. Det som funkar i dag, funkar ikkje nødvendigvis i morgon. Å måle kor bra eit tiltak er, kjem dessutan an på kor langt tidsperspektiv ein legg til grunn. Kanskje det som funkar i dag har motsett effekt om nokre år, seier Selseng.

— I tillegg kan eit tiltak funke bra innanfor eit område, men flytte risikoen til eit anna.

Norsk klimamonitor er designa nettopp for å løyse problema med å måle klimatilpassing.

EIT INNHALDSRIKT ARRANGEMENT
Trikset er rett og slett å samle inn nok informasjon til å skape eit heilskapleg bilete.

— Vi samlar inn data både frå norske kommunar, norsk næringsliv, hushald og individ, seier Selseng.

— Målet er å få eit 360-graders bilde av innsatsen som blir gjort for å tilpasse seg klimaendringane i Noreg.

All data og alle publikasjonar er ope tilgjengeleg på nettsida klimamonitor.no

Til Arendalsuka vert dette bildet supplert med opplysingar frå naturforskinga, slik at kommunelista bygger på enno fleire parameter. På arrangementet "Klimatilpasning 2.0 - er vi der snart?" skal lista offentleggjerast, men det står òg meir på menyen.

Både Selseng sjølv og folk frå Sintef, Cicero Senter for klimaforskning og KS tilbyr nokre minutt kunnskapspåfyll, før statssekretær Ragnhild Sjoner Syrstad (Ap) i Klima- og miljødepartementet, Helge Eide frå KS, Vilde Haarsaker frå Bonde- og Småbrukarlaget og Truls Gulowsen frå Naturvernforbundet pratar saman om den neste fasen i norsk klimatilpassing, altså Klimatilpassing 2.0.

Her blir stortingsmeldinga "Klima i endring - sammen for et klimarobust samfunn", som regjeringa la fram tidlegare i sommar, naturleg nok eit sentralt samtaleemne.

Les meir om arrangementet her