I ei eiga utgåve av tidsskriftet «Weather, Climate, and Society», som American Meteorological Society gir ut, har forskarar knytt til Noradapt publisert til saman ti vitskaplege artiklar om tilpassing til klimaendringane.
Artiklane i samlinga understrekar kor viktig det er at det samfunnet gjer for å tilpasse seg klimaendringane ikkje legg stein til byrden. Med andre ord, at tiltaka ikkje fører til auka utslepp av klimagassar, går ut over naturmangfaldet eller forverrar sosial eller økonomisk ulikskap. På ulikt vis set artiklane søkelys på sårbarheit og risiko knytt til styresmaktene sin klimainnsats for å kutte utslepp og ruste samfunnet for framtidas klima.
feiltilpassing
Feiltilpassing eller «maladaptation» har vore eit tema i forskinga dei siste åra. Faguttrykket viser til tilpassingstiltak som har utilsikta følgjer, anten for sårbare grupper eller for klima og miljø. Eit døme kan vere å tvangsflytte folk i eit fattig nabolag eller drenere eit myrområde for å bygge ein voll som skal beskytte folk mot stigande havnivå og stormflo.
sårbart fornybarsamfunn
Eit tilsvarande uttrykk frå den sida av klimaarbeidet som gjeld utsleppsreduksjon, er «malmitigation», altså utilsikta, negative følgjer av forsøk på å kutte klimagassar eller fange karbon, og her har det vore svært lite snakk om, til og med frå FNs klimapanel. Senterleiar i Noradapt, Carlo Aall, som er forfattar av fleire av artiklane i spesialutgåva, kommenterer det slik:
– Det fremste dømet på denne typen potensielle feiltrinn, er heile overgangen frå fossil til fornybar energi, fordi det meste av den fornybare energien baserer seg på klima, altså nedbør og vind. Viss du byter ut det fossile systemet med framtidas fornybare energisystem utan å ta forholdsreglar, vil du truleg ende opp med eit samfunn som er langt meir sårbart for klimaendringar.
“berekraft” må med
Omgrepet «berekraftig klimatilpassing», som står sentralt i artiklane i samlinga, skal sikre at ulike tiltak både tek høgde for tilpassing og utsleppskutt, i tillegg til naturmangfald og global rettferd. Ifølgje ein av artiklane i samlinga ser ikkje planleggarar flest nokon grunn til uro for dette, men forskarane skriv at det har vore forska forsvinnande lite på denne forma for potensiell klimasårbarheit.
I ein oversiktsartikkel skildrar Aall og kollegaene hans korleis planleggarar kan sikre desse omsyna i arbeidet sitt. Etter forskarane sin føreslåtte standard for sterk berekraft, bør tilpassingstiltak for å redusere klimarisiko også forbetre sosial og økonomisk berekraft ved å redusere klimagassutslepp, ta tak i drivarane bak klimarisikoen og sikre naturmangfaldet, i tillegg til å bygge på ei form for avgjerdstaking der medverknad står sterkt.
Andre tema
Uvisse står sentralt i ein artikkel av Carlo Aall og Kyrre Groven. Dei peikar på at altfor ofte blir uvisse knytt til verknader av klimaendringar brukt til å la vere å setje inn tiltak, til dømes når ein kommune ventar med å sikre infrastruktur mot stigande havnivå til dei har sikre tal på kor stor omsynssona bør vere.
Naturbaserte løysingar er viktig i ein artikkel frå Dag Hessen og Vigdis Vandvik. Dei hentar døme frå Norge for å vise kor viktige intakte økosystem er for klimatilpassing og utsleppsreduksjon i tillegg til folkehelse. Sjølv om Norge hevdar å vere leiande på klimafeltet, har vi ikkje utvikla heilskapleg politikk for å halde vedlike økosystem som våtmark og permafrost, som lagrar 31 prosent av det landbaserte karbonet i Noreg, og nye utbyggingar trugar fleire slike område.
Sårbar turistøkonomi: I ein annan artikkel nyttar Karin Marie Antonsen, Brigt Dale og Stephanie Mayer Lofoten som føme for å drøfte kva slags rolle naturbasert reiseliv kunne ha spelt i strategiar for klimatilpsasing, men også for å vise sårbarheiten i økomiar som byggjer på turisme, gitt dei aukande økologiske endringane og kriser som Covid-19-pandemien som fører til stopp i reising.
Tradisjonskunnskap i nord: I ein artikkel av Camilla Risvoll, Grete K. Hovelsrud og Jan Åge Riseth dreier det seg om korleis den tradisjonelle kunnskapen til rein- og saueeigarar I Nord-Norge i stor grad blir oversett av styresmakter og arealplanleggarar. Utbyggingsprosjekt som stykkar opp beiteområde, betyr til dømes at dyra må bli i mindre område enn før. Det gjer dei meir utsette for sjukdom og set dei ut av stand til å nå fram til områda som har den beste maten eller forholda for kalving. Rovdyrforvaltninga overser òg mange rapportar om skade på flokken. Forskarane skriv at planleggarar bør legge større vekt på lokale og innfødde grupper sitt syn når dei skal forvalte lokal klimavariabilitet, særleg når det gjeld tilpassingsstrategiar som krev at ein held ved like og forvaltar naturområde.