Nordisk tilpassingskonferanse på Island

Bannerfoto: Unsplash

Etter to års pause gjenoppstår tradisjonen med at folk som arbeider med klimatilpassing i dei nordiske landa, samlast annakvart år for å høyre siste nytt frå forsking og lære av kvarandre. Våren 2023 er Noradapt med på å arrangere konferansen i Reykjavik og Noradapt-forskarar står for fleire innlegg.

Den første utgåva av den nordiske konferansen om klimatilpassing (Nordic Conference on Climate Change Adaptation eller NOCCA) blei arrangert i Stockholm i 2010. Den sjette utgåva av konferansen er i Reykjavik frå 17. til 19. april 2023, samtidig med at Island har presidentskapet i Nordisk ministerråd.

Tre av hovudinnleiarane er frå Noradapt: leiande seniorforskar Carlo Aall ved Vestlandsforsking (leiar i Noradapt), førsteamanuensis Marte Lange Vik ved Høgskulen på Vestlandet (Noradapt-partnar) og professor Sirkku Juhola ved Universitetet i Helsinki (leiar for Noradapt sitt internasjonale vitskapsråd).

Carlo Aall, Marte Lange Vik og Sirkku Juhola er blant hovudinnleiarane på NOCCA 2023.

Konferansen har ein brei publikumsprofil, særleg den første av dei tre dagane, som også blir nettoverført. Den andre dagen er ein serie av arbeidsverkstader og den tredje byr på ekskursjon.

Tilpassing til klimaendringar i kommunar og byar i Norden er hovudtemaet på den sjette nordiske konferansen om klimatilpassing. Foto: Unsplash

NOCCA 2023 rettar seg inn mot klimatilpassing i byar og kommunar i dei nordiske landa, og legg vekt på iverksetjing av tiltak, kva som har fungert og viktige lærdommar i tilpassingsarbeidet.

Første innlegg på dag 1 er presentasjon av ein studie som samanliknar dei nordiske landa sin innsats så langt for klimatilpassing. Stikkord for arbeidsverkstadene på dag 2 er havnivåstigning, grenseoverskridande klimarisiko, naturbaserte tilpassingstiltak, og kommunal planlegging. Det som kjem ut av arbeidsverkstadene på dag 2 av konferansen vil bli oppsummert i eit dokument som rettar seg mot avgjerdstakarar. Målet er at dokumentet skal få innverknad på vidare nordisk samarbeid om klimatilpassing og vere nyttig for dei komande klimatoppmøta, som ECCA23 og/eller COP28.

Konferansen har vore arrangert fem gonger tidlegare, då i byane Bergen, København, Helsinki, Stockholm og Norrköping. Den vanlege frekvensen er annakvart år.

Les meir om NOCCA 2023