Velkommen til den fjerde nasjonale klimaomstillingskonferansen i Sogndal!
Tema for årets konferanse er omstillingsval.
Klimaforskarane gir oss 12 år – eller tre kommunestyreperiodar – på å halvere utsleppa om vi skal klare å nå 1,5-gradersmålet. Kva val må vi ta i dag for at vi skal klare å nå målet, og for å tilpasse oss eit klima i stadig endring?
Målgruppene er tilsette i kommunar og andre offentlege verksemder, politikarar, forskarar, næringslivet, konsulentar og studentar.
Gjennom konferansen ønskjer vi å tematisere korleis forsking, forvaltning, organisasjonar og næringsliv i samarbeid kan bidra til å klimaomstille samfunnet.
Sjå program og meld deg på her!
I samarbeid med: