Klimatilpasningssenteret inn på statsbudsjettet

Vestlandsforsking har etablert eit nasjonalt senter for berekraftig klimatilpassing i Sogndal. Kristeleg folkeparti sikra løyvinga på 10 millionar kroner over statsbudsjettet til oppstart i 2019, og deretter ei årleg grunnløyving på 5 millionar kroner.

Senteret er lagt midt i regionen som så langt har blitt hardast råka av klimaendringar. - Det nye Vestland fylke vil fungere som eit levande laboratorium for å skaffe ny og brukerretta kunnskap om korleis samfunnet best kan redusere skadene av klimaendringane, seier leiar for senteret, Carlo Aall. - Ordet berekraft betyr at klimatilpassing må vere i tråd med målet om ei berekraftig utvikling, og derfor ikkje må føre til auking av klimagassutslepp eller tap av biologisk mangfald, uttaler Aall vidare.

Ideen om eit klimastilpassingssenter er tidlegare blitt presentert for regjeringa, ved statssekretær i Klima og miljødepartementet, Atle Hamar (V) og kunnskapsminister Iselin Nybø (V), og for stortingsbenken for Sogn og Fjordane. Senteret blei formelt opna i Sogndal 7. desember 2018.

Ein av de andre initiativtakerne ved Vestlandsforsking, Halvor Dannevig, seier at samfunnet har mykje kunnskap om korleis klimaet vil endre seg og kva konsekvensar det kan få for natur og samfunn, men at vi ligg langt etter når det gjeld kunnskap om korleis samfunnet kan tilpasse seg.  Dannevig meiner løyvinga til Norsk senter for berekraftig klimatilpassing vil føre til ei vesentleg auke i kunnskapen om klimatilpassing.

Senteret har Vestlandsforsking i Sogndal som vertsinstitusjon, og vil samtidig vere eit virtuelt senter med ei rekkje av dei fremste faglege institusjonane på området som partnarar. –Vi har hatt ein positiv og kreativ dialog med aktuelle partnarar i haust, og dei har no til underskrift ein formell partnarskapsavtale, fortel Aall entusiastisk. Forskingsmiljøa som deltek i senteret er CICERO Senter for klimaforskning, Høgskulen på Vestlandet, NTNU (Institutt for geografi), Universitetet i Bergen (Senter for klima og energiomstilling), NORCE Klima, NORCE Samfunn, Sintef Byggforsk og Nordlandsforskning. Senteret starta arbeidet alt hausten 2018, med midlar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, men mangla langsiktig finansiering.

Brukarkontakt ved senteret, Torunn Hønsi, var i ferd med å sende ut invitasjonar til opninga av senteret då ho fekk den gledelege meldinga om ei løyving over statsbudsjettet: –Det gir ei lita forseinking i utsendinga av invitasjonen, men det gjer vi med glede for å få med denne fantastiske nyheiten, seier Hønsi.

Merete Lunde, direktør ved Vestlandsforsking, legg vekt på den strategiske betydninga senteret kan få for Vestlandsforsking. –Vi har som mål å ha en ledende nasjonal posisjon innan klimatilpassing, og denne anerkjenninga med løyving over statsbudsjettet gjer dette mogeleg, sier Lunde. –Vi kan no byggje fagmiljøet i Sogndal endå sterkare med fleire forskarar, og vi får høve til å samarbeide med andre leiande nasjonale og internasjonale forskingsmiljø på området. Vi ønskjer å bidra til at kunnskapen blir teken i bruk for styrke både privat og offentleg sektor si evne til å tilpasse seg klimaendringer, sier Lunde.