Norsk klimamonitor 2021

Aldri før har det blitt forska så mykje på klimatilpassing i Noreg. Ulike aktørar samlar inn store mengder data frå eit mangfald av kjelder, til ulike forskingsføremål. Klimamonitor forsøker å samle dette og legge grunnlaget for å etablera ei koordinert datainnsamling på kryss og tvers av samfunnet. I desember 2021 lanserer vi ei ny nettside der vi deler ny innsikt frå Klimamonitor

Folk frå ulike sektorar kjem kvart år saman på den nasjonale konferansen #Klimaomstilling for å oppdatere seg på nye prosjekt og tema. Fordi det er vanskeleg å få oversikt over alt som føregår på dette området, har Noradapt gjennom forprosjektet Kli…

Folk frå ulike sektorar kjem kvart år saman på den nasjonale konferansen #Klimaomstilling for å oppdatere seg på nye prosjekt og tema. Fordi det er vanskeleg å få oversikt over alt som føregår på dette området, har Noradapt gjennom forprosjektet Klimamonitor som mål å samle trådane, både for å gi oversikt og koordinere innsamling av nye data. Foto (frå #Klimaomstilling 2019): Kyrre Groven.

At klimatilpassing er ei oppgåve som rører ved alle delar av samfunnet, er ei erkjenning som vert stadig meir aktuell. Konsekvensane av klimaendringane legg føringar på planlegging, bygging og vedlikehald, men det påverkar òg korleis me kan bu og røre oss og korleis me kan drive næringsverksemd i framtida. Miljødirektoratet peikar på at alle i samfunnet har eit ansvar for å bidra til å løyse klimatilpassingsoppdraget: «den enkelte, husholdninger, private foretak og myndigheter».

Klimamonitor tek denne erkjenninga på alvor.

Storstilt datainnsamling

Eit forprosjekt har samla tidlegare forsking skissert hovudtrekka for ei storstilt datainnsamling i tre hovuddelar av samfunnet: hushald og individ, privat næringsliv og offentleg forvalting.

Hovudtema i undersøkinga:

  1. samfunnets kunnskap om og haldningar til klimasårbarheit

  2. samfunnets arbeid med klimatilpassing 

  3. korleis samfunnet sitt arbeid med klimatilpassing står i forhold til målet om ei berekraftig utvikling

Forprosjektet har i 2021 gått over i eit hovudprosjekt. Eit viktig mål for dette hovudprosjektet er at datainnsamlinga skal vere godt koordinert med, og breitt forankra hjå, andre forskings- og forvaltingsaktørar som har interesse av forskinga på klimatilpassing i Noreg. Ein viktig del av forprosjektet har difor vore å avklare planar, forventingar og behov hjå andre.

I forprosjektet blei det òg gjennomført pilotundersøkingar i mange delar av samfunnet med ulike metodar og framgangsmåtar.

Offentleg forvalting

Offentleg forvalting er den delen av samfunnet som, naturleg nok, er best undersøkt. Her gjer vi opp kunnskapsstatus ved å analysere 13 tidlegare populasjons-spørjeundersøkingar til norske kommunar, gitt i tidsrommet 2007-2019. Vi gjennomfører òg ei undersøking til fylkeskommunar og fylkesmannsembete/statsforvaltarar som kartlegg rollefordelinga og rolleforståinga mellom desse.

Etablering av undersøkingar i kommunane og på direktorat- og etatsnivå er òg drøfta.

Privat næringsliv

Medan enkelte delar av samfunnet (og særleg delar av forvaltinga) er godt dekte i forskingslitteraturen, er det andre delar vi ikkje har like god forståing av. Det private næringslivet og hushaldingar er døme på det. I Noreg, så vel som internasjonalt, handlar litteraturen om det private næringslivet først og fremst om primærnæringar, reiseliv og finans.

For å utvide forståinga av tilpassingsinnsatsen i det private næringslivet, er det gjennomført ei pilotundersøking med konsulentar i samarbeid med Rådgivende Ingeniørers Forening. Undersøkinga viser mellom anna at det private næringslivet er mindre flinke enn alle delar av forvaltinga, både når det gjeld initiativ og kunnskap knytt til klimatilpassing.

Hushald og individ

Denne delen av samfunnet er det vi veit desidert minst om.

Ein gjennomgang av internasjonal litteratur viser likevel at det ei rekkje dimensjonar ved individuelle haldningar og handlekraft som er svært nyttige å undersøke i ein norsk kontekst.

Pilotundersøkinga tek form som ei deltaking i UiB sitt Medborgerpanel.

Les rapporten frå forprosjektet her


Startdato: 01.05.2020

Sluttdato: 01.03.2022

Finansiert av: noradapt