Aktuelt
Forskarar frå Vestlandsforsking jobba i haust fram ein metode for å analysere risiko og sårbarheit for klimaendringar på nasjonalt nivå. Metoden skal takast i bruk av direktorata til å gjennomføre ei kartlegging over tre år, og forskarane håpar resultatet blir at ressursane kan brukast meir målretta og effektivt.
Den europeiske konferansen for klimatilpassing finn stad i Rimini i Italia frå 16. til 18. juni 2025. Vil du halde ein sesjon på konferansen, må du sende inn søknad før 24. februar.
Den nordiske klimailpassingskonferansen NOCCA 2025 finn stad i Rovaniemi. Datoen for konferansen er 14.-15. mai. Arrangørane ber no om innsending av forslag til akademiske bidrag, med frist 31. januar.
Nyleg besøkte ein delegasjon frå Kartverket Noradapt i Sogndal. Der utveksla deltakarane mellom anna synspunkt på datagrunnlaget som blir brukt når ein undersøker korleis det går med klimatilpassing i kommunane.
Forskarane Mette Kusk Gillespie ved Høgskulen på Vestlandet og Liss M. Andreassen i NVE har publisert den populærvitskaplege artikkelen “Nå vet vi hvor tykk Norges største isbre er” på forskersonen.no.